tirsdag 30. desember 2014

Ashalim - Exodus Nord - siste spell


27.12.14

Det er med blanda følelser eg sit her og skal avrunda dagboka. For ei reise!!! Skulle ynskja eg kunne hatt dykk alle med!!! Me har alltid føretrekt å reisa "privat" og ikkje i store grupper slik folk flest gjer. Då møter me folk på ein heilt annan måte. Sjølvsagt er det kjekt med alle opplevingane me får, ikkje minst å få sjå og oppleva dei bibelske plassane, noko som gjer at bibel-lesinga også blir ei spanande vandring. Men det er dei unike møta med menneska me får når me reiser på denne måten som er så spesielle og givande. Det er noko eg føler sterkt på at eg ynskjer dela med fleire og derfor kjære blogg-lesar: Har du lyst å bli med, så heng på. Me har reist med mindre grupper i fleire år nå, og har ein del reisetips på lager, men du er også velkomen å bli med oss om det kan vera eit alternativ, så kontakt meg gjerne på mail: gunvor.nessa@hesbynett.no 

Eit alternativ som blei diskutert med Line og Yuval på Eden hotell kan også vera å kombinera ein tur med litt volontør -arbeid, noko som kan bli ei unik oppleving og også billegare. Eg budde gratis og åt det eg ville på husets rekning. Dei dagane eg guida folk, jobba eg litt morgon og kveld. Line og vårt franske vennepar er meir enn klar til å vera til hjelp med volontør -arbeid ut frå kva den enkelte måtte ynskja. Dei franske er engasjert i arbeid med familiar med kreftsjuke barn. Dei organiserer også volontør -arbeid blant kreftsjuke som er i siste fase av livet og som treng ei hand å halda i.

Så litt reklame for Exodus Nord og huset deira i Ashalim: http://exodusnord.org/
Grete Tangen Olsen er leiar for organisasjonen som i hovudsak hjelper jødar å immigrera frå Russland, men i desse dagar er det dei ukrainske jødane som i sin desperate situasjon er i fokus og får hjelp av organisasjonen.  
have a look

Exodus Nord har bygd eit fantastisk flott hus i Ashalim, sør for Beer Sheva. For snart 2 år sidan var me så priviligerte å få bu der ei veke og med Grete som guide! Ho er berre ei oppkome av kunnskap og ein fest å få vera i saman med! Ei oppleving me aldri vil gløyma!! Grete tok oss med i nærområdet og me fekk møta menneske og sjå prosjekt som blir støtta av organisasjonen. 


Denne gongen var me aleine på huset og eg var spent på om me ville klara finna tilbake til plassane Grete hadde vist oss, og med litt bøn under vegs greidde me faktisk det og. Dermed fekk me ein fantastisk siste dag før me vende nasen heimover med natt-flyet.
vårt kongelege bad i Ashalim

eller var det brudesuitten?

Alv prøver matche kjøkkenet.....
etter tips frå Grethe fekk "jentene" pedikyr av ei av nabo-konene

Randi Bergitte fekk "kurs" og gratis behandling

fredssøylene ved Egypt-grensa strekkjer seg langt innover i ørkenen -
ei for kvart land i verda
eg fant, eg fant!! Thomas på stadig skattejakt....

 dagens overrasking: Kamel- tur for heile gjengen i området der Moses gjekk med heile sin skokk!!



vår fantastiske guid
tok oss med til dei fasinerande inskripsjonane som er over alt
 på steinene på ein liten fjell-knaus

jo mørkare "bilete" jo eldre er inskripsjonen, p. g. av oksydering
Moses med steintavlene
ein liten pause etter rideturen - berre farfar fekk gnagsår i baken.....

utleige- "hyttene" i Ezuz
dei er kunstferdig "murt" inn i bl.a. gamle bussar
dagens siste stopp: Nabateerbyen Shivta, som var siste by for karavane-folket før Gaza som var endestasjon.  Her frå kyrkja som nok er frå romertida

eit merke etter dei første kristne

Overgongen til Norge blei kontrastfylt. Her venta snøen, men det kjekkaste av alt var Anders og Evelyn som kom hoppande mot oss og gav oss sine gode velkomst-klemmar. 

Anders hadde laga marsipan-godt på juleverkstad-leir på Utsyn som han hadde spart til farmor og Evelyn på 3 sette plutseleg i med ein spontan tale. Ho sto på ein stol og veifta belerande med peikefingen: "Eg orke ikkje at dokke ska vera så lenge vekke frå meg!! Dokke må lova å aldri, aldri gjera d meir utan å ta meg med!!"

endeleg ein traktor-tur med farfar!!!
-og snøhytte -prosjekt med farmor 
eit einaste stort SMIL !!
arbeidskaren Anders får igjen for strevet....

og Evelyn-besøk

"eg har laga Israel-kake og Finnøy-kake"
HA-DE-PÅ-BA-DE

Fekk mail frå Line på Eden Hotel i dag. Dei pleier vera fullbooka på denne tida, men har mest ikkje gjester og dei bruker mykje energi på å klekka ut nye løysingar. Her kjem ein av ideane som Bjørn var med å lansera. Du treng vel ikkje plent vera pensjonist...?? Kanskje noko for ein eventyrlysten ungdom også?? Eg videresender. Tek nokon utfordringa??:

Small private hotel seeks English speaking retired person for voluntary work in return for a room at the hotel. Duties would include reception (nights), assistance with breakfast, and light maintenance tasks.
Please contact us for further details: myedenhotel@gmail.com




lørdag 27. desember 2014

Ashalim - Exodus Nord. Forfatter: Thomas

26.12.14:
 Me reiste til Nahal Oz for å møte vennene våre der. Thomas forfatter dagboka i dag:
Utkikkstårn til Gaza

Gjerde som holder terrorister ute. du blir fotografert ved kontakt

Ble kjørt til spisested

Kom ikke til Norge p.g.a panikk på flyplassen

Fikk pitabrød å spise








Et siste farvel



Farfaren beskyttet barnebarnet for å bli skadet i dette bombeangrepet av 230 totalt

Denne splintbomben drap en fire år gammel gutt.
Han var paralysert når bomben traff.
Han hadde rukket bomberommet hvis ikke.

de hvite flekkene er splint hull. de var så kraftige at de bora seg igjennom



Dette er et minnested for BlackArrows. De var en bataljon med fallskjermhoppere som ødela en av Egypt sine baser ved en togstasjon i Gaza som straff for å ha bombet/drept mange uskyldige i tidligere angrep.
De måtte gå 8km med 23 sårede imens skutt på av grattling guns og mortere.


Mannen lengst til venstre var 18 år når faren hans gjorde dette intense oppdraget i Gaza.
Faren hans var en dyktig soldat og var spesialist i mange ting. Han ble skutt to ganger. Han ble skutt andre gangen i halsen. Det var heldigvis en lege i nærheten og gav offiseren en slange sånt at han kunne få puste litt til.

Dette er minnesteinen til bataljonen for denne opperasjonen. Det står at legen fikk en høgere stilling og utmerkelser.
Det foregikk i 1956.

Dette er en haug der det foregikk en stor kamp. Det er rester av granater og altslags til tankspor. Nå står jeg i en skyttergrav og ser etter ting ifra kampen

Hundene svermer rundt meg. De kom ifra gården ved siden av.