27.12.14
Det
er med blanda følelser eg sit her og skal avrunda dagboka. For ei reise!!!
Skulle ynskja eg kunne hatt dykk alle med!!! Me har alltid føretrekt å reisa
"privat" og ikkje i store grupper slik folk flest gjer. Då møter me
folk på ein heilt annan måte. Sjølvsagt er det kjekt med alle opplevingane me
får, ikkje minst å få sjå og oppleva dei bibelske plassane, noko som gjer at
bibel-lesinga også blir ei spanande vandring. Men det er dei unike møta med
menneska me får når me reiser på denne måten som er så spesielle og givande.
Det er noko eg føler sterkt på at eg ynskjer dela med fleire og derfor kjære
blogg-lesar: Har du lyst å bli med, så heng på. Me har reist med mindre grupper
i fleire år nå, og har ein del reisetips på lager, men du er også velkomen å bli
med oss om det kan vera eit alternativ, så kontakt meg gjerne på mail:
gunvor.nessa@hesbynett.no
Eit
alternativ som blei diskutert med Line og Yuval på Eden hotell kan også vera å
kombinera ein tur med litt volontør -arbeid, noko som kan bli ei unik oppleving
og også billegare. Eg budde gratis og åt det eg ville på husets rekning. Dei
dagane eg guida folk, jobba eg litt morgon og kveld. Line og vårt franske
vennepar er meir enn klar til å vera til hjelp med volontør -arbeid ut frå kva
den enkelte måtte ynskja. Dei franske er engasjert i arbeid med familiar med
kreftsjuke barn. Dei organiserer også volontør -arbeid blant kreftsjuke som er
i siste fase av livet og som treng ei hand å halda i.
Grete
Tangen Olsen er leiar for organisasjonen som i hovudsak hjelper jødar å
immigrera frå Russland, men i desse dagar er det dei ukrainske jødane som i sin
desperate situasjon er i fokus og får hjelp av organisasjonen.
|
have a look |
Exodus
Nord har bygd eit fantastisk flott hus i Ashalim, sør for Beer Sheva. For snart
2 år sidan var me så priviligerte å få bu der ei veke og med Grete som guide!
Ho er berre ei oppkome av kunnskap og ein fest å få vera i saman med! Ei
oppleving me aldri vil gløyma!! Grete tok oss med i nærområdet og me fekk møta
menneske og sjå prosjekt som blir støtta av organisasjonen.
Denne
gongen var me aleine på huset og eg var spent på om me ville klara finna
tilbake til plassane Grete hadde vist oss, og med litt bøn under vegs greidde
me faktisk det og. Dermed fekk me ein fantastisk siste dag før me vende nasen
heimover med natt-flyet.
|
vårt kongelege bad i Ashalim |
|
eller var det brudesuitten? |
|
Alv prøver matche kjøkkenet..... |
|
etter tips frå Grethe fekk "jentene" pedikyr av ei av nabo-konene |
|
Randi Bergitte fekk "kurs" og gratis behandling |
|
fredssøylene ved Egypt-grensa strekkjer seg langt innover i ørkenen -
ei for kvart land i verda |
|
eg fant, eg fant!! Thomas på stadig skattejakt....
dagens overrasking: Kamel- tur for heile gjengen i området der Moses gjekk med heile sin skokk!!
|
vår fantastiske guid |
|
tok oss med til dei fasinerande inskripsjonane som er over alt
på steinene på ein liten fjell-knaus |
|
|
jo mørkare "bilete" jo eldre er inskripsjonen, p. g. av oksydering |
|
Moses med steintavlene |
|
ein liten pause etter rideturen - berre farfar fekk gnagsår i baken..... |
|
utleige- "hyttene" i Ezuz |
|
dei er kunstferdig "murt" inn i bl.a. gamle bussar |
|
dagens siste stopp: Nabateerbyen Shivta, som var siste by for karavane-folket før Gaza som var endestasjon. Her frå kyrkja som nok er frå romertida |
|
eit merke etter dei første kristne |
Overgongen til Norge blei kontrastfylt. Her venta snøen, men det kjekkaste av alt var Anders og Evelyn som kom hoppande mot oss og gav oss sine gode velkomst-klemmar.
Anders hadde laga marsipan-godt på juleverkstad-leir på Utsyn som han hadde spart til farmor og Evelyn på 3 sette plutseleg i med ein spontan tale. Ho sto på ein stol og veifta belerande med peikefingen: "Eg orke ikkje at dokke ska vera så lenge vekke frå meg!! Dokke må lova å aldri, aldri gjera d meir utan å ta meg med!!"
|
endeleg ein traktor-tur med farfar!!! |
|
-og snøhytte -prosjekt med farmor |
|
eit einaste stort SMIL !! |
|
arbeidskaren Anders får igjen for strevet.... |
|
og Evelyn-besøk |
|
"eg har laga Israel-kake og Finnøy-kake" |
|
HA-DE-PÅ-BA-DE |
Fekk mail frå Line på Eden Hotel i dag. Dei pleier vera fullbooka på denne tida, men har mest ikkje gjester og dei bruker mykje energi på å klekka ut nye løysingar. Her kjem ein av ideane som Bjørn var med å lansera. Du treng vel ikkje plent vera pensjonist...?? Kanskje noko for ein eventyrlysten ungdom også?? Eg videresender. Tek nokon utfordringa??:
Small private hotel seeks English
speaking retired person for voluntary work in return for a room at the hotel.
Duties would include reception (nights), assistance with breakfast, and light
maintenance tasks.