søndag 30. november 2014

08.11.14 - 29.11.14 Israel dagbok

Eg er på ei 7-vekes-tur i Israel og etter kvart blei dagboka så lang at behovet for ein blogg meldte seg. Har aldri blogga før, så eg får vel læra litt under vegs. So, here we go:

Dagbok Israel haust 2014

Laurdag 08.11.14

Eg mellomlanda i Frankrike denne gongen. Det var like kaldt der som i Norge.
farmor på ville veier

Varmen slo imot meg då eg landa på Ben Gurion. Humpa av gårde med min heavy koffert, ryggsekk og alle vinterkleda eg måtte kle av meg i varmen. Skulle nå toget til Tel-Aviv. Mens eg sleit som verst nedover rulletrappa, dukka det opp to englar, unge gutar som nettopp kom frå ein rundtur Colombia og Panama. Dei tok seg av meg så eg kom meg av på rette plassen, tok taxi i lag med meg og hjalp til med innlosjering på ungdomsherberget. Der var det allerede 4 stk som hadde krøpe til køys, så eg måtte bare tusla inn og finna ei ledig køy-seng. Klokka var blitt halv 1. Utpå natta kom det enda ei tuslandes inn. Ho måtte slå på lyset for å finna seg ei ledig seng. – så det blei så som så med sovinga. Eg lista meg ut før nokon av dei andre var stått opp og fekk meg ein taxi til jernbanestasjonen og deretter til Ben Gurion, kor me skulle møta Sar-El- gjengen.

Sar-El:
Søndag 09.11.14
Det tek si tid å få plassert alle
Eg ankom 2 minutt før 8, just in time. Dei begynte presis denne gongen, men med 300 vuluntørar (kan det ha vore så mange???)  tok det sine timar før me endeleg sat i bussane på veg mot det ukjende. Me fekk i første omgang berre nummeret 559 oppgitt. Det viste seg at me skulle til ein militærleir 24mil utfor Gaza, Mishmar Hanegev. Me hadde ein heller sløv start. Fekk rom og utdelt militær-klede, men ikkje army-boots denne gongen. Det er to unge gutar frå Norge her, ein frå Hundvåg og ein frå Austlandet. Elles er det ein frå sør-Amerika, eit par frå Skottland, ei frå Canada, ei frå Australia, ein frå Holland og resten frå USA, totalt 19 stk. Det er ingen jødar denne gongen. Dei fleste er nok kristne, men me har ei som muligens er newage. Seier ho jobber som healer og viser ringen sin med bilete av ein indisk gud. Ein fantastisk gjeng forresten og god mix med unge og gamle. Me hadde også to nydelege unge jenter, men dei blei forflytta, for det kunne ikkje vera unge jenter her……stakkar alle dei flotte unge gutane som berre har oss gamlingane tilbake. Leiren består for det meste av ungdomar med heller vanskeleg bakgrunn, fattige og diverse adferdsproblem. Det merkes på fleire vis.

for ein super gjeng - here we are - ready for work

Måndag 10.11: 
Sto opp halv 7. Frukosten er klokka 7. Eg sov som ein snorkel trass at ungdomane hadde styrt på med slossing og baluba! Eg bur saman med to koselege pensjonistar frå Amerika. 70 og 75 år, men spreke til tusen. Ho eine driv og joggar kvar dag og har ein kropp som ein 20-åring. Ho eldste fjollar og tuller så du skulle tru det var meg…
mine kjære romveninner, Sybil og Connie




I dag tok me att det forsømte når det gjeld arbeid. Har stått på heile dagen, supert teamarbeid. Me gjekk til ein diger hall i nærleiken. Det var fleire israelske voluntørar (pensjonistar), som allereie var på plass. Først sjekka me feltsenger, sette til sides dei som var i stykker, stabla og bandt dei saman og så blei dei frakta til ein annan hall. Deretter gjorde me det same med bårer og telt. Etter middag var det min tur å ta kjøkken-oppgåver, vaska gulv, border, stoler og vindu. Soldaten som hadde ansvaret gjekk helst rundt og sende på tekstmeldingar heile tida. Me fekk beskjed om ikkje å prata med han ”for han hadde det så travelt”….Etter kvart som eg prøvde meg med diverse hebraiske ”gloser” mjukna han opp og eg fekk til slutt noko som likna på eit smil.


litt avslapping etter kjøkenøkta
her bur me saman med ungdomane som er i militæret



Etterpå bar det opp til dei andre i hallen igjen. Den var rydda ferdig etter endt dag kl halv 4. Middagen om kvelden består av eit hardkokt egg og litt grønsaker. Ikkje rare greiene for dei store mannfolka….men greit nok for meg.


fellesmåltid i den store matsalen

Tysdag 11.11.14:
Våkna kl 3 og tok meg ein lang rusletur i militærleiren. Eg er ikkje van med å legga meg kl 9…..så eg hadde jo fått nok søvn. Leiren er enorm. Dei seier det er mest som ein by.
Det blei ein travel dag også i dag og litt bob bob med ein kjeftete sjef. Eg oppfatta han som ein hissig surpomp, men det er nok mykje kulturforskjeller. Han kjefter og smeller så det er ikkje måte på. Han trur han organiserer, men han er ganske forvirrande å forhalda seg til. ”Look at me” brøler han, og så står han og peiker bort i ein krok av hallen. Ein gong stilte eg meg rett forran han og sa, ”Yes, I am looking at you”. Den gongen lo han faktisk. Mange gonger er det ikkje noko han eigentleg vil. Rar fyr. Eg fekk ikkje gå med sandalane mine. Måtte ha ordentlege sko må vita. Prøvte forklare at eg berre hadde vintersko med høge hælar. Måtte diskutera dette opp og ned og i mente. Eg prøvde så godt eg kunne å forklara at me fekk utdelt army-boots sist gong, så eg hadde ikkje arbeidssko med meg. Eg blei sendt tilbake til rommet etter sokker mens han sende ein av sine undersåtter etter sko til meg. Eg tok med mine damete vintersko berre på tull….men den var det berre dei andre voluntørane som tok….han stakkaren var for stressa til å forstå spøken. 
hugs arbeissko next time!!!

Sjefen var sint og sur, skjente og smelte på alle og ein kvar heilt til eg sa han ikkje burde snakka slik til gamle damer og skremma livet av oss… Å, nei, han var ikkje sint han….og så forsvant han og var borte heilt til arbeidsdagen vår var over. Då han kom tilbake, var han overdreven smørblid….me hadde i mellomtida hatt besøk av ein koseleg offiser. Trur nok i ettertid at han oppfører seg slik på grunn av kulturen her. Me hugsar jo korleis Malli og ikkje minst Tehilla kjefta og kommanderte ungane som var på besøk i sommar.


I kveld hadde me besøk av ein annan fantastisk offiser. Han heldt ei vanvittig interessant førelesing. Dumt eg ikkje hadde med meg noko å notera på. Men eg fekk i alle fall med meg at Israel sender inn 750 lastebilar kvar dag med proviant til Gaza og at Gaza er sett 50 år tilbake i tid. Det var han veldig lei for. Det blei snakka om FN-skulane som underviser små barn i krigføring og som me er med og betaler. Han beklaga sterkt at så mange liv var gått tapt, men var frustrert over Hamas som nekta folk å flytta ut av område som Israel hadde meldt frå om ville bli skutt på. Videre la han vekt på at Israel aldri kan tapa ein krig. Då er dei fortapte. Han snakka mykje om tilstanden i Syria som dei følger nøye med på. Han førespeilte oss kva planar IS har, å invadera Israel etter at presidenten er avsett. Ellers sa han at det kom såra flyktningar over til Israel som dei tok seg av i ”sjukehus-bunkerar” under jorda og at dei smugla dei tilbake etter at dei var ferdig behandla. Han visste aldri korleis det gjekk med dei sidan. Vidare var han veldig skuffa over Obama og hans ”engasjement” som fredsmeklar. Han meinte han ikkje hadde peiling på korleis dei tenkjer i den arabiske verda og av den grunn tråkkar han totalt i salaten gong etter gong og gjer fredsprosessen verre. Eg var så frimodig å fortelja om besøket vårt frå Nahal Oz og han blei gripen til tårer over engasjementet finnøybuen viste.
me har møte i denne bunkeren kvar kveld

Me har ein veldig gemyttleg og god tone ossimellom, men eg gjer meg jo nokre tanker når me skal samarbeida som team så mange forskjellige saman. Me har ei som er så individualist at ho skal gjera alt på sin måte.(newage-dama) Eg spurte ho fint om ho kunne gjera noko, me var 3 stk som blei sett til å laga poser og putta eit eller anna til bilar inni. Ho svara rett ut nei, det kunne eg gjera sjølv….så viste det seg at det ho hadde putla med ved sida av oss andre var feil, så ho fekk så øyrene flagra, stakkar.
litt skit må me tåla, Connie

våre israelske pensjonist-voluntørar

Det er ein tankevekkar at me ryddar opp i alt 
min trufaste forbeder, Sybil
rotet etter krigen og at me gjer klar til neste krig. Krig må vera spinndyrt. Me har i dag tatt utav alt rot frå kasser og så malt den eine sida kvit. Det er fordi kvar soldat skal ha sin kasse med utstyr og den skal vera synleg i mørket.

Ei av mine romkameratar drog skikkeleg på draget i dag, ho på 75 og veldig funny. Ho skulle ha seg litt vatn på drikkeflaska. Me damer må gå ein etasje ned for å koma til doen/ dusjen. Mennene har do i same gongen som vår. Ho ba fleire av gutane om å gå inn og fylla opp flaska hennar, - på mannedoen altså, men fekk til svar at det var ingen der, så ho kunne bare gå inn, og då ho kom inn, sto det ein offiser der. Dette blei tatt opp for alle på fellesmøtet, så her blir me visst snart utvist både den eine og den andre. Ein episode til, av dei funny: Me har ikkje lov å snakka politikk eller religion når me gjer Sar-El. Det er forresten alltid krise for meg å gå på do dei første dagane her nede, så då mi kjære, gamle Sybil høyrte det, sette ho i og be.Veit ikkje kva som 
vår nydelege,bestemte matriska
inspirerte, men volumet blei høgare og høgare og plutseleg sto vår ”Matriska” i døra -sjefen over sar-el-gjengen som hadde gitt beskjed om at religion var forbudt- å men det blei løye. 75-åringen fekk sin andre anmerkning på ein dag. Mer ler oss skvett forderva – men eg har ennå ikkje fått bønesvar.


Forresten så føler me oss ofte som ungar. Matriskaen er ei aldeles nydeleg ung jente, men me får heile tida beskjed viss me skeier ut i forhold til ditt og datt av jødiske reglar. Me treng ikkje bruka militær-habitten om kveldane, og eg gjekk med ein korterma bluse og fekk beskjed om at eg ikkje kunne gå slik…ikkje rart eg føler meg som ein rampete unge i blandt.
solnedgong mot Gaza
ta meg med til Eden!! 
eing god sandwich-klem til slutt
 
Det er mange som har lyst å bli med til Eden og også ein tur til Beit 
Skandinavia. Line kjem til å få fullt hus er eg redd. Connie, som bur med meg, vil også bli med. Eg reknar med at ho kan sova på mitt rom. Eg bør ta ein telefon til Line i morgon. Elles er det ein av dei unge norske gutane som har lyst å bli guida i Jerusalem og Betlehem. Han har så lyst å hjelpa til på kjøkenet og hagen slik at eg kan bli med han.

Det er mykje som skjer her for tida. Kvar dag har terroristar klart å drepa ein jøde. I går blei ein soldat drept på jernbanestasjonen i Tel Aviv. Eg var på to stasjoner på vei hit. Det er 3 i Tel Aviv, mykje sannsynleg har eg vore på stasjonen der det skjedde. Det var visstnok kaos i togtrafikken i dag på grunn av at så mykje måtte ryddast.




Onsdag 12.11: 
Dagane går fort. Me rydder, maler og sorterer i dei digre hallane, rett bak der me søv, så det går ikkje mykje tid til og frå ”jobb”. Eg blei sett til kjøkenteneste etter middag i dag også….ingen andre ville. Må ærleg innrømma eg ile…Rart me ikkje har stroke med. Det er så ufyse at eg vil ikkje prøva beskriva korleis det ser ut. Maten er stort sett ganske miserabel. I dag besto frukosten av eit hardkokt egg, kvitt brød, agurk i skiver og bittelitt naturell youhurt (ein rest frå i går). Eg åt ca ein halv agurk, det var det….Det er eg og ho new-age-dama som jobbar for det meste i lag. Eit litt rart team, og ein del i utakt kan eg vel innrømma. I dag skulle ho absolutt ”heala” meg for det eine og det andre. Eg blei litt overrumpla. Ho var så bestemt ein dag tidlegare på at me ikkje måtte synga songar med hallelujah, men heala, det har me tydelegvis lov til.

I kveld var det Matriska sin kveld. Ho tok for seg diverse argument som blir brukt av folk som benektar holocost og så hadde ho laga argument mot. Fruktbar diskusjon rundt bordet etterpå.
Forresten- dei andre kveldane har ho hatt litt hebraisk med oss og også prøvt læra oss Ha-Tiqva (nasjonalsongen)

Ein av våre ungdomar, frå Skottland, er veldig ivrig og flink til å synga. Me to held koken og heldigvis har det blitt Ha-Tiqva dei fleste av dagane ved flaggheisinga, men ikkje alle, for det kjem ann på kva dei vanlege soldatane ynskjer. Det er utruleg kor elendige dei er til å syngja. Heilt komisk. Alle syng kvar sin Ha-Tiqva-melodi. Berre meg og han skotten som held tonen. Funny! Kanskje det var grunnen til at me aldri fekk  syngja nasjonalsongen sist me var her?


Torsdag 13.11: 
Oppbrudd og avreise, men først opp i hallane for å gjera ein siste innsats. Trucken til han hissigproppen vår gjekk i stykker og forresten hadde me rydda og sopt opp alt allereie, så han hadde ikkje noko å setja oss til. Me lurte oss difor over til nabohallen der pensjonistane frå Israel var og gjorde dugnad. Han som leia dei, ein ung gut, hadde høyrt om besøket vårt i sommar og han ville absolutt at dei skulle få høyra om opplevinga vår. Det blei veldig følelseslada og det blei mange klemmar og songar mens me sto der og jobba i lag. Eg fekk også høyra litt om livet deira. Dei fleste brukte mesteparten av tida si til diverse voluntør-jobbar. Skulle ynskja me hadde fått vore litt meir i lag med denne flotte gjengen. Første dagen jobba me i kvart vårt hjørne av hallen – d.v.sei – eg sette jo i med am-Israel-chrai – noko som førte til at eg fekk meg ein dansepartner på ståande flekken – han var født i 1932!! For ei oppleving!!
Dette har vore ubeskriveleg kjekt!!
min første falaffel på lenget




gamle Jaffa by night

Etter middag var det å setja seg i bussen til Tel-Aviv. Den plukka opp andre som var i Beer-Sheva, så det tok si tid. Hadde håpa me fekk slikka litt sol på stranda, men men. Forresten så fekk eg feil informasjon i Norge for han sa eg kunne ikkje overnatta på Beit oded, eller kva det nå heiter når eg bare var ei veke. Det må me hugsa ein annan gong. Det er eit gratis hostel med 3 måltid gratis, visstnok reint og.
Nå er me på Crown Sea der eg låg då eg kom. Greit nok. Me er førebels 4 på rommet, men det er plass til 6. Kom nå på at eg bestilte 4-mannsrom- luringane! Tok strand-promenaden utpå kvelden, falaffel og valsa rundt i gamle Jaffa. Ein flott kveld. Connie Jørgensen frå USA har slått følge med meg. Ho er på perm frå Sar-El og skal tilbake dit på sundag. Koseleg med lag, og me har det vanvittig kjekt saman. -Ho sprekingen på 70år som har vore over alle haugar…140land, Kilimanjaro og Mount Everest.

Fredag, 14.11: (Shabbat frå kl 5) Jerusalem

Natta blei ikkje så verst den. Herleg å koma på nett etter ei veke utan, så me blei sitjande med bilete og diverse, you know. Det viste seg at me hadde havna i same komplekset som Alv og eg var i i februar, med inngangsdøra 2m frå der me var nå.. can you beleive!  -og eg som aldri skulle tilbake dit! Det ser ut som det er same compani som eig dei fleste små-hoteller som me har vore på, bare under forskjellige namn, luringane.

Me tok sherut til busstasjonen, buss vidare til busstasjonen i Jerusalem. Tok deretter buss til Talpiot, men etter kvart blei eg litt i tvil for den gjekk heilt andre vegar enn eg var van med. Det enda med at me gjekk av i sentrum av Talpiot, men ingen av dei me spurte visste kor Hebron-road var. Folk her veit ikkje slikt, så me ”måtte” hyre ein taxi. Så viste det seg å vera berre 600m frå Eden, men fyren tok ekstra betalt for eg hadde så tung baggasje…tenka seg til. attpåtil ga han meg kortet sitt viss me skulle trenga taxi igjen!

vår armenske veninne er glad i den norske sjokoladen

Me sjekka inn, men var snart på marsj mot gamlebyen. Fredag er veldig spesiell med prosesjon gjennom Via Dolorosa med stopp på alle postane.  Det er alltid nye dører som er opne og nye ting å sjå, så også denne gongen. Amazing! - men vatn-krytpen under gravkyrkja var stengt. Sjølvsagt gjekk me til vestmuren då Shabbaten begynte klokka 5. Der var det full rulle med dans og song. Det tok aldeles av!! Ei vanvittig livsglede – utan alkohol!! - eg er litt bøsen over at eg kjenner ein del av songane då!
frå museumet ved stasjon 2

Kvelden blei avrunda med ein herleg middag på Ha-Taverna, vår armenske restaurant. Var forresten innom venene våre i den armenske butikken med sjokolade og som vanleg vanka det klem og drikke frå gamlefar i huset. 

                                                                                     
prosesjonen hadde trygg eskorte
1, stasjon på Via Dolorosa var oppe.i dag. Den er på ein muslimsk skule og difor ikkje public til dagleg
Utfor Hurvasynagogen var folk i full fart mot Vestmuren.
Full rulle med sang og dans over alt og i mange varianter. Fantastisk å vera her!!

- roleg i dei elles så travle basar-gatene i det jødiske kvartalet 

Laurdag 15.11.14 (shabbat fram til kl 5) 
Eg sto opp kl 6 (klokka 5 i Norge) for min første dag i min nye jobb. Har ikkje møtt Line, veninna mi som eig hotellet ennå, for det er jo Shabbat og fridagen hennar, men eg berre sette i gong.  Eg visste ho ynskte hjelp på kjøkenet, så eg introduserte meg der. Der var 3stk frå før. Ho eine har eg i alle fall møtt før. Alle tre er muslimar. Det er så flott å sjå kor godt dei trivest og at dei har det veldig greit saman med dei jødiske arbeidarane. Dette er noko ikkje mange i Norge er klar over. Me har jo møtt mange arabarar som ynskjer vera ein del av Israel og som seier dei har det godt her!! Det er langt ifrå slik den norske pressa legg det fram.


mine nye arbeidskollegaer: Soreia, Asmahan og Jasmine.
 Dei tok så godt imot meg frå første dag!

Det var utruleg givande å vera i lag med dei, men fy og fy for eit kjøken…det ville blitt stengt på flekken hadde det vore i Norge, men me har overlevt mykje før me kom hit, så anyway, I will survive!
I dag var det enormt mange gjester (heldigvis for Line) Etter kvart som tallerkar, koppar, kar og bestikk blir brukt opp, blir dei berre spylt, tørka med papir og rett inn på bordet att!! 




Eg lurte meg av gårde med mi nye veninne, Connie så snart frukosten var unnagjort. (ca 10:30) Me merkte oss i går at det skulle vera konsert i den tyske Lutherske kyrkja kl 12, så me hadde eit mål. Connie hadde elles eit ynskje om å gå på grava til Zhindler, så den var me innom på vandringa. Eg er litt stolt over alt eg greier innfri av rare ynskje. Deretter drog eg ho med meg opp på basar-taka i gamlebyen kor me kan tusla rundt. Me såg ein jøde som strente ned eit hol eit stykke unna, så me bestemte oss for å vandra etter. For eit syn!! Me havna inni nokre smale smaug og trapper med utgong i den muslimske delen, ikkje der det er butikkar og mange folk altså. Sjølvsagt blei me observert av barn og dei kom som eit olja lyn for ”å guida oss” ut av labyrinten. Me sette nasen i sky, planta beina sikkert i bakken og sette autopiloten på. Det hjalp, og ikkje lenge etter sat me på første benk i Den Lutherske kyrkja.
Det var eit orkester på rundt 30 stk. frå Tyskland som spela. For dei av dykk som har vore i kyrkja, kan de vel tenkja dykk for ei oppleving det måtte bli!!! Akustikken i kyrkja er fenomenal og det var som musikken krøyp inn i kvar einaste celle i kroppen!! Eg blei sitjande der på første benk og hyla og skrika…..alt medbrakt- ekstra- dopapir blei brukt opp på begge sider og vel så det! Det toppa seg då dei tok til med ”Nærmare deg min Gud”. Eg har nemleg ei spesiell oppleving i nettopp den kyrkja som går mange år tilbake og kor eg fekk eit spesielt møte. Den gongen var det også musikken som drog oss inn i kyrkja. Me var utanfor og høyrte den vanvittige songen. Me berre måtte inn. Der var kontrasten enorm til dei andre kyrkjene me hadde vore i med alt krims krams me der finn. Her er det berre eit rundt (lite) bilete av hovudet til Jesus i fronten av kyrkja. Det taler sitt tydelege språk: ”Jesus aleine”, akkurat det som står på biletet oldemor mi har laga til bedehuset heime.


Konserten varte i mest 2 timar, men klokka var berre 2, så me fekk god tid til Oljeberg-tur slik Connie ynskte. Tok ein rast ved tårekyrkja før me entra fjellet. Kjekt med Connie for ho spring som ein hjort og dermed får me også litt trim. På vegen tilbake opplevde me at ein gjeng gutar på den arabiske sida av Kedrondalen begynte å hyla og skrika og deretter kasta dei eit esel utfor stupet ned mot dalen. Eslet prøvde reisa seg, men då begynte dei kasta stein på det. Det var aldeles grusomt å sjå. Me ropte og hoia at dei skulle slutta, men ingenting nytta. Det gjenspeiler null respekten for liv. Det var ganske uhyggeleg. Dette skjedde berre ca 30m frå der nokre ungar kom springane etter Alv og meg og kasta stein etter oss for nokre år sidan.

Me blei begge litt slått ut av denne hendinga, men tok oss likevel ein tur til Vestmuren sidan Shabbaten skulle avrundast før me tok ein siste runde gjennom det jødiske kvartalet og vende nasen heimover. Stuptrøtte slengte me oss til sengs klokka halv ti, men den skakande hendinga heldt oss vakne til langt på natt..

på Oljeberget - ein me ikkje hadde møtt før


Sundag 16.11.14
Forstår ikkje heilt at det er sundag. Var oppe 5 (norsk tid – eg er jo så vanvittig stolt av det må vita!!) for å ta far vel med Connie. Jompa ned på kjøkenet for å bli med på frukosten. I dag er det mest ikkje gjester, berre 5 stk. Hotellet skulle vore fullt, men ei heil gruppe hadde avlyst. Tussingane!!! Her er jo like trygt som heime! Det har vore veldig fredeleg i gamlebyen når me har vore der. Merker fort viss det er noko på gang.

Men heldig for meg var det at det ikkje var så mange gjester, for då kunne eg begynna mitt private renewing - projekt på kjøkenet. Det besto i å skrubbe skap, skuffer, vegger og dører, først med stålull, deretter vaske og tørke med papir (totalt 4-5 gonger). Det skal eg sei tok si tid. Berre kjøleskapet brukte eg ca 2,5 timar på å få reint. I am happy, I can do a difference! Dette var hovudkjøkenet. I morgon tek eg fatt på grovkjøkkenet som også er eit delvis lager.

Galne meg, det er jo litt frekt. Eg sette i gong før Line hadde kome. Heldigvis var dette eit av oppdraga ho ville gje meg. Yuval, mannen hennar, vil også setja meg i sving etter kvart – med å mala dodørene rundtforbi. – så eg er ikkje lenger i tvil om at det blir nok å henga fingrane i. Han hadde til og med jobb for dei to ”Bjørnane mine” som eg skal guida etter kvart. I morgon kjem den første, ein av ungdomane som var på Sar-El. Han håpar eg kan rydda litt på hustaket – etter ynskje frå Youval.

Line er veldig fortvila over mangelen på gjester. Mitt viktigaste oppdrag er derfor ”marketing” så de kjem nok mykje sannsynleg til å få eit ekstra skriv om det om ei stund. Jøye meg for eit oppdrag! Ho er kjempestressa over           økonomien, stakkar!

Line, the owner
Elles var det også i dag flott å høyra og sjå respekten mellom arbeidarane. Resepsjonist og Line kjem begge og seier god morgon til kjøkenpersonalet det første dei gjer. Seinare på dagen har me felles lunsj, leiarane og kjøkenarbeidarane, muslimane, jødane og meg. Det er bare så vidunderleg å oppleva!!! Did you even know??? –og så den gemyttlege tonen dei imellom – eg har også fått med meg ei liste arabiske ord eg bør læra i løpet av natta. Den einaste setningen eg kan og som eg har lært på Embo (jobb) er ”anta katir hababa” – du er ei snill jente. Den blei flittig brukt i dag – og det blei mykje lått og løye sjølvsagt.

Yuval, the owner's husband
Ruth, the "second boss", 
resepsjonisten
Etter at damene på kjøkenet hadde gått heim, stakk Yuval innom. Eg klarte ikkje dy meg, men beklagte meg over all driten på kjøkenet. Tenkjer på kor katastrofalt det ville vera om nokon av gjestene blei sjuke. Igjen viste han dei sin største respekt, skrøytte over kor fantastisk flotte dei er, roste dei for at dei kjem presis på jobb og er pliktoppfyllande på så mange vis, men at dei ikkje har så mykje struktur og dermed blei vaskinga nedprioritert. (dei går rundt og leker med mobil – og tek pauser i hytt og pine) Han sa at dei tidlegare hadde hatt 20 stykk i jobb mens det nå berre var dei 3 som skulle gjera same jobben Eg følte meg litt skamfull…typisk meg…revolusjonera på ein dag! - men nå er det i alle fall eit hotell der kjøkenet er vaska dette året. Har mistanke om at standarden er lik over heile fjøla. 
Nei nå tusle eg til køys, men først litt israelsk mat frå mitt nyvaska kjøken. Dei lage knall-god mat!! Det skal dei i alle fall ha! 

Måndag 17.11.14
Hadde planar om å sova lenge i dag, men den gong ei…Har visst allereie blitt van med å stå opp med fuglane, så eg var på kjøkenet før nokon andre. Sidan det var så få gjester, sette eg i gong med vaske- prosjektet, men då frukosten var over, blei eg spurt om eg kunne ta oppvasken. Oppvaskemaskinen er berre blitt brukt ein gong sidan eg kom og eg forstår meg ikkje heilt på akkurat det. Eg spurte om eg kunne bruka den, men ikkje tale om. Gjekk då til Ruth i resepsjonen som er vår nærmaste ”overordna” for å få ei forklaring. Ho på kjøkenet snakkar lite engelsk. Nei, maskinen var ikkje full nok og det blei reinare når me vaska med hendene. Dette meinte også resepsjonisten. – så der står den nye oppvaskemaskinen, mest ubrukt. Eg klarte ikkje dy meg, men sette den til å sviva. Er redd eg begynner gå dei på nervene snart.
Bjørn, som skulle koma i dag er framleis på Beit Skandinavia. Han har forresten vore på Visjon Noreg og snakka om Sar-El opphaldet las eg på internett, ein liten kjendis med andre ord!
Jepp, og så blei eg ferdig med vaskinga, overbevist om at me nå har det reinaste kjøkenet i byen!! – så blir det lettare til neste år……..

Tysdag 18.11
Eg imponerer meg sjølv atter igjen med å stå opp før hanen gjel. Fekk vaska litt klede i min medbrakte isboks før eg entra kjøkenet.
Då Yuval kom for å sei ”båker tov”, forsto eg med ein gong at noko alvorleg var skjedd. Stemninga vart veldig trist og ”jentene” på kjøkenet viste med alle sine fakter og med heile seg medfølelse, så eg spurte kva som hadde skjedd. Det viste seg då at terroristar hadde gått inn i ein synagoge og drept 5 stk. Heile hotellet her er prega av hendinga. Resepsjonisten  knekte heilt saman og klarte ikkje gjera jobben sin. Kjenner på meg at denne dagen vil me nok vera ganske ineffektive. Godt eg hadde litt norsk sjokolade med i bagasjen, ei mager ”trøyst”, men likevel ….!! Eg sette ei skål inn på kontoret til Line.

Line og eg blei sitjande og prata ei lang stund. Ho seier mykje er snudd på hovudet. Før engsta ho seg for sonen som er i militæret i Asdod utanfor Gaza, men nå er ho meir redd for dotrene (3 stk) her i Jerusalem. Ho veit at det kjem til å bli reaksjonar frå israelsk side, men at hendinga som utløyste det vil få minimal merksemd. Det er akkurat slik eg også erfarer det heime i Noreg.  
Eg sa eg hadde lagt merke til respekten og det gode teamarbeidet med muslimane som jobbar her og då fekk eg ei rørande historie:
Faren til dei to søstrene som jobbar her, døde for ein månad sidan. Han budde i ein arabisk landsby. Line og Youval bestemte seg for å gå i gravferda. Det var ikkje så enkelt å koma inn der med israelsk  registrert bil, men vel framme kom dei til eit digert hus med ein nydeleg hage. Mennene og damene var i kvar sine rom. Yuval grudde seg litt til dette, for han kjende ingen av dei andre. Dei sette seg ned i ein stor sirkel i rommet. Plutseleg såg han ein mann koma med opne armar mot set. Youval har hatt kreft i augene, så han ser ikkje så godt. Han såg berre to armar retta mot seg for å gje han ein klem. Det viste seg å vera ein som jobbar på bilverkstaden som Yuval trufast har brukt. Etter kvart som denne mannen har bytta jobbar, har Yuval ”flytta” etter. Dei har kjent kvarandre sidan dei var 15år. Det viste seg då at han var bror til dei to som jobbar her! Han hadde advart søstrene mot å jobba på eit jødisk hotell, men dei hadde forklart at paret som eigde det var veldig snille……amazing

-men ein annan ting ho sa, og som ho ikkje klarte forstå, var ein som dei bruka kjøpa vaskemiddel av. Han bruka setja seg ned for ein kopp kaffi slik dei fleste gjer når dei er innom her med eit eller anna. Han var heilt sikker på at IS var jødar. Det nytta ikkje å overbevisa han om noko anna.
-på liknande vis seier Line det er med dei tilsette her. Då ein terrorist kjørte inn i ein buss for nokre veker sidan der også ein liten baby blei drepen, meinte dei det måtte vera ei ulukke. Realiteten er kanskje for hard å erkjenna?

Terrasse-borda blei vaska og beisa
Har gjennom dagen merka meg at dei på så mange vis prøver visa si medkjensle og kjem og spør heile tida korleis eg har det. Eg sat jo og gret i lag med Line og Ruth i byrjinga av dagen.  Jentene ynskjer få smil frå meg, kanskje for å visa medkjensle eller for å visa at dei ikkje støttar terrorhandlinga og vil få tilbakemelding frå meg at eg syns dei er ok?? Asmahan, den eldste av systrene som også har hatt fri 2 dagar nå, måtte innom alle skuffer og skap for å beundra verket mitt på kjøkenet.. Eg tok meg 20minutt pause ute i sola og då ropa dei frå vinduet i øvste etasje og sende slengklyss. Har det meste vore ”på oppdrag” for Yuval i dag, og då klokka nærma seg 4 kom Soreia heilt desperat og måtte ha mi hjelp på kjøkenet…eg hadde eit minutt igjen for å fullføra det eg heldt på med, men niks, eg måtte inn nu! Eg har mistanke om at det berre var for å ha meg der ei stund før dei skulle heim. Det er usikkert om dei kjem i morgon. Dei bur utfor Damaskus gate, der politiet ofte må stengja viss det føregår ting og tang. Me gjorde avtale at så snart me fekk tid skulle Asmahan læra meg opp i salat – og diverse – israel-mat-laging. Det blir krise om 
dei ikkje kjem i overmorgon. Dei har laga klar salatane for
sjå kor fint det blei
i morgon, så den er grei.

Eg var som sagt engasjert av Yuval i dag. Etter at han fekk kreft har han begynt å jobba som ein slags vaktmeister her. Før var han advokat, så det forklarer litt av kvifor han ikkje er "ein handy man". Eg blei med han til Talpiot for å handla inn diverse maling og utstyr eg kunne trengja til mitt neste oppdrag. Han protesterte ikkje då eg bad om å få betala…..då ville han heller kjøpa gull-maling,

På turen til og frå, fortalte han om si bekymring over situasjonen. Han ser for seg at volden vil eskalera og det kan føra til at jødane og arabarane blir fysisk skilde. Det er noko nytt og skremmande med det som nå skjer. Desse terroristane var kledt som ultraortodokse jødar og brukte knivar mot jødane. Dei er mykje vanskelegare å oppdaga enn sjølvmordsbombarane. Hamas oppfordrar enkeltpersonar til å driva denne nye terroren som enkeltpersonar og det også vanskeleg gjer å avsløra enkeltpersonar framfor grupper. Vidare hevda han at Peres gjorde ein stor brøler då han flytta jødane ut av Gaza. Før det hadde situasjonen vore mykje meir stabil.  

Det har vore nydeleg ver, så eg kunne stå ute i shorts og singlett. Heldigvis er me ikkje i eit religiøst område. Har skrubba og vaska terrasse – bord og gjort dei klar til å malast. Trur akkurat den biten gjorde eg betre enn min ”sjef”. Han meinte eg berre kunne mala rett oppå skiten. Dei er jo ikkje van med tre-terrasser så why not?

Eg venter forgjeves på min gode ”bjørne-ven”. Fekk ei melding om at han hadde hamna på ville veier  så det blir spanande å høyra kvar han har vimsa seg hen. Han skulle ta toget frå Haifa og bussen hit frå Tel-Aviv. Kom på at eg gløymte skriva kva stopp han skulle gå av på. Ja,ja, eit lite eventyr ekstra kan koma vel med. Håpar berre han kjem før det blir altfor seint for Yady har bedt oss på hybel-middag i kveld.

Yes, Bjørn ankom akkurat i tide!
Etter litt forviklingar kom me oss omsider fram til Yadi. Hybelen hans var ubeskriveleg….tviler på at så mange norske ungdomar ville leigd den, men han hadde gjort det koseleg, laga suppe, spesial ”Yadi-salat” mm. Etter kvart blei bordet fullt, 3 søte jenter kom for å vera i lag med oss. Det blei ein flott kveld, men også litt trist for dei bar jo preg av terrorhandlinga. Dei var frustrerte, redde og sinte og etter ei stund var det ei som bad oss skifta emne. Den eine jenta jobba med noko liknande SFO, eller speidar? Ho andre heldt på med ei medisin-oppgåve innan fysikk, trur eg det var og ho tredje jobba hjå ein sølvsmed. Ho hadde sjølv laga mesteparten av det ho hadde på seg. Fantastisk. Me tok bussen tilbake, men med følge av Yady.
å, min kjære Yady! Etter 9 års venskap får eg endeleg gje deg ein klem!!
omsverma av jenter - det har du aldri sagt - og så nydelege då!!

which door?+

godt me blei guida inn

hybelkjøken al-la Yady






Onsdag 19.11.14



alle mann på dekk....


på vei til gamlebyen. Utsikt mot Hinnomdalen


bilete av Vestmuren tatt frå brua til tempelhøgda
                                                                    Me sopte og rydda  uteområdet. Deretter tok me føtene fatt mot gamlebyen. Via Dolorosa og dei ”vanlege plassene”, men også i dag var det nye ting for meg. I Den Lutherske kyrkja er det gjort mange utgravingar unna kyrkja. Dei hadde nettopp opna for publikum. Opp i det høge kyrkjetårnet måtte me også ein tur…gløymte telja trinna denne gongen og…Det første me såg då me kom til Vestmuren, var at mange gjekk opp ”trappa” mot Tempelhøgden. – og jammen var det ope opp dit!!! Det er snart 40år sidan eg sist eg var der oppe, så den sette eg veeeldig pris på! Me fekk ikkje gå inn i Klippe-domen eller Al-Aksa moskeen. Det sat muslimske menn og kvinner samla i grupper rundt omkring. Elles var det stille og roleg. Det var det elles i heile gamlebyen. Mest ikkje turistar, så det var jo ekstra fredeleg. Forstår ikkje kvifor folk er så redde. Det er jo politi og militære over alt. Me merkar fort på stemninga om den blir amper… Me fekk ein ekstra bonus sidan det var så få turistar! Då me skulle gå i Vest-mur- tunellen, var me bare 5 stk. Vår supre guid sa at på grunn av det, ville ho ta oss med ein plass turistane ikkje plar gå, nemlig enda lengre ned. Eg heldt jo aldeles å ”ta av”. Det er heilt utruleg. Me går i tunellen ca to gonger i året, og kvar gong er det som ei ny skattejakt med amazing nye ting. Denne gongen tok det aldeles av. Det var også ein stor synagoge inn mot tempelmuren der nede. Guiden og vakta kunne fortelja om nye eksepsjonelle funn som snart ville bli til offentleg skue….eg lova koma tilbake neste veke…..
                               
me var mest aleine turistar

                                        

Omarmoskeen / Klippedomen som ikkje er moske og heller ikkje bygd av Omer


Salomos søyler

frå Via Dolorosa, post 
ein av postane på Via Dolorosa

frå den etiopiske kyrkja rett før gravkyrkja

frå taket av den etiopiske kyrkja

den opprinnelege gravkyrkja med den siste stasjonen,  Jesu grav






ein muslimsk familie har hatt nøkkelen til kyrkja i mange generasjonar og berre dei kan bruka den benken

                       
utsikt frå tårnet i den Lutherske kyrkja
   

jødisk kvartal, stille, roleg, reint og fint
                                                                        

 
ved Hurvasynagogen

Vestmurtunellen ga oss meir enn forventa



me sprang oss forderva for å nå siste tur i Vestmurtunnellen




Torsdag 20.11
I dag har eg fått meg nytt namn. Eg har aldri kome på at namnet mitt var så vanskeleg, men i dag har kjøkengjengen hatt det smikkløye…..dei går og ropar på Lovisa og ler seg knekk forderva. Då han franske pastoren og kona kom på føremiddagen, dei som skreiv om oss i franske medier då me hadde besøk i sommar, hadde eg ”gløymt” kva eg heitte, så eg spurte dei. Lovisa, kom det med eit latterbrøl!

Sofie og Gerald
Det var ubeskriveleg kjekt både for Bjørn og meg å få møta dette paret. Dei er baptistar og kona hadde for 6 år sidan fått beskjed frå Gud om at dei skulle flytta hit. Deira hovud-oppgåve er å gi det franske folk ei motvekt til den anti-israelske pressa i landet. Dei har danna organisasjonen Shalom Israel og dei jobbar tett med organisasjonen Zichron som hjelper familiar der barn er ramma av kreft. http://zichron.org/?lang=en Paret er også engasjert i å skaffa volontørar til diverse arbeids- plasser her i Jerusalem. B.la. ta seg av og pleia kreftsjuke som er i dødsfasen. Dei treng også lærarar. Noko for Bjørn – som er lærar?? Han tok forresten farvel og sit nok i skrivande stund på flyet heimover til Skien. Me hadde nokre ubeskriveleg flotte timar i lag og han kjem nok snart tilbake hit med kompis- gjengen sin. – men då må han nok klara seg utan ”safta” (bestemor).

Eg fekk malt ferdig ute – terrasse –borda i dag. Det måtte gjerast for i morgon seier dei det blir vinter…. Eg blei litt desperat då eg høyrte det. Veret har vore aldeles nydeleg, men eg blir berre bleikare og bleikare, så eg bestemte meg for å gå ein tur til promenaden i nabolaget sidan det mest ikkje er sol i tunet her. Då fekk eg aldeles hakeslepp. Trudde eg skulle ta meg ein fredeleg tur, men der var altså tusenvis av folk, og så mange bussar som eg aldri har sett før (jo forresten, i Riobamba) Det viste seg då å vera nasjonaldagen for Etiopia, så her var det mest 17-mai – stemning med festkledde afrikanarar!! Og eg som hadde gått frå fotoapparatet!!! Dette skulle jammen jentene mine frå Etiopia på Embo ha sett!! Eg måtte jo skravla med nokre av dei eg møtte langs vegen. Ho eine lengta tilbake til Etiopia, men berre for ein tur, som ho sa. Ho hadde kristen far og jødisk mor og snakka fantastisk bra engelsk. Ho høyrte til og med på aksenten min at eg kom frå Noreg.

Fredag 21.11 (Shabbat frå kl 5)
Fekk unnagjort alt som skulle malast ute og også målet mitt inne presis 5 på 5, rett før Shabbaten. Kunne ikkje springa rundt her med malerpensel blant gjestene syns eg. Det er litt fleire i dag enn i veka, ser ut til å vera berre jødar.
- Men du kor eg saknar: ein skikkeleg malarpensel (den eg har slepper bust heile tida), Alv sine skrujern, oppvaskekost og ein propp til vasken, men det er rart og. Skal ikkje meir enn ei veke til, så er eg van med både det eine og det andre. Eg har i alle fall ikkje blitt sjuk ennå. Lever elles på sunn kosher-vegetar-mat og føler meg så sprek som aldri før. Kjøleskapet bugnar av diverse salatar, ”dressingar”, oster og frukt. – og så cottagecheesen då. Eg kan forsyna meg så mykje eg vil så slik sett lever eg som konge på haugen.
Elles kjenner eg meg trist, sint og skremt over det eg sit og les frå nyhetene heime om mister Reme som går ut mot oss som gjer Sar-El og samanliknar oss med dei som støttar terroristorganisasjonen IS. At det går ann!!! Israel er eit demokratisk land, det einaste i regionen. I Gaza har dei despotar som regjerer. Kunn dei som støttar Hamaz har livets rett. Min franske venn fortalte og viste bilete av han som har drive den kristne butikken dei siste åra. Toril har vore der og kjende forgjengaren hans. Han var nyleg blitt drepen. Det er ikkje mange år sidan hans forgjengar, ein ung, kristen far også blei drepen. Det er andre gong det skjer på kort tid. Hamaz drap også mange muslimar nå i krigen, fatahmedlemer – men dei drepne av hamaz blir rekna blant dei drepne av israelarane. Stupid!! Innbyggjarane i Israel har religionsfridom og held skular og sjukehus for alle. Og som eg har sagt før; mange arabarar har kome til meg og sagt at dei ynskjer å vera ein del av Israel på grunn av nettopp det at dei har det godt her. Dei har fridom, jobb, skular, sjukehus og er ein del av eit samfunn som fungerer.

Sit og les i Jerusalem Post at politiet har funne 18000 kinaputtar, 5200 kommandoknivar og 1000 sverd som ankom Ashdod og var på vei til Aust-Jerusalem. Ikkje rart folk her blir skremt. Ei av jentene som var hjå Yadi sa forresten at ho heile tida gjekk og kikka bak seg når ho var ute og gjekk og at ho alltid hadde peparspray med seg.

Nå pøser det ned, så vinteren kom presis som dei forventa. Fekk i kveld eit innsyn i det elektriske anlegget på huset. Det er ikkje berre kjøkenet som får min norske hjerne til å gjera nokre ekstra hopp. Jøye meg vel…. Sikringsskap / boksar over alt. Nokre står opne utan dører og ingenting er skrive ned når det gjeld kva som er kva. Då eg  skulle rista meg nokre skiver, kolapsa alt det elektriske på kjøkenet. Det utløyste ganske mykje stress for ”vakta” å ordna opp i mitt mass….og så på ein Shabbat då!!

Laurdag 22.11.14
Hoppla heisann. Tenkte eg skulle sova litt frampå sidan det er Shabbat, men vakna liksågodt kl 02:30. Iskald dusj i iskaldt rom. Huttemegtu. Eg som ikkje hopp i havet heime ein gong. Men aldri så galt at det ikkje er godt for noko: Vatnet på kjøkenet blei heller ikkje varmt, så dermed fekk eg ”lurt” dei til å bruka oppvaskemaskinen, 3.gong sidan eg kom!! Då skal eg lura til sides nokre teskeier og koppar så eg har mitt eige.

mi gode Jasmine - eg ville hatt deg med meg heim
Stemninga på kjøkenet er heilt topp! Me dansar rundt etter ”har du høyrt historia om dei tre små fisk” og teamarbeidet går strålande. Jasmine var ikkje heilt god i dag og fraus mykje, så eg fekk eit påskot til å gje ho ein av mine varme genserar. Først ville ho ikkje ta imot, men då ho såg genseren strålte ho som ei sol. Til gjengjeld fekk eg ein sprut av hennar parfymeflaske. Eg må seia eg er blitt veldig glad i ”jentene” mine og Jasmine har eg særleg vondt av. Ho brukar mykje sminke for å skjula at ho er forslått i ansiktet. Sjølv seier ho at ho falt, men det har eg inga tru på. Eg kom over ho på toalettet då ho sminka seg ein dag. Uffa- meg som ho såg ut. Eg blir kvalm når eg tenker på det. I natt klarte eg ikkje sova, men berre tenkte på ho. Kva kan eg vel gjera?? –og kva kan eg finna på å gje dei i gåve når eg dreg?? Hadde altfor mykje klede med meg og altfor lite presangar…..like it use to be! Kanskje Bjørn frå Embo-jobben min, som kjem i byrjinga av des. kan blir redninga? Eg er i alle fall glad me plar gje dei mykje i tips. Line fortalte at Jasmine hadde begynt jobba her via eit reingjeringsbyrå. Dei hadde betalt i dyre dommar, men Jasmine fekk mest ingenting. Då hadde dei bestemt seg for å tilsetta ho direkte slik at ho skulle få betre betalt, men det blei inga lett sak. Line vant til slutt, heldigvis!
Det er ”mange gjester” i dag, 10 stk sidan det er Shabbat! Eg skravlar med kreti og pleti. De kjenner meg…..fri og frank, ingen norske å ”ta hensyn til” eller ungar som skjems av ”na mor”. Me leve berre ein gong, så kvifor ikkje?? Eg nyt livet i fulle drag og er takknemlig for kvart menneske eg møter, for kvart innpust og utpust, for alle opplevingane Han legg i min veg!!
promenaden går på oppsida av landsbyen


landsbyen kor alle terroristane har kome frå i det siste



Kunne ikkje berre sitja her og senda på frustrerte brev i alle retningar, så eg tok meg ut på ei shabbats-vandring til promenaden og fredsparken i området. Var ute i 3 timar. For ein nydeleg park! Og rett i nærleiken av hotellet. Alv og eg har berre så vidt vore der borte ein gong. Eg kjente igjen området frå programmet ”På Jerusalems murar”. Sola skein stort sett heile tida, men det bles noko forferdeleg. Heldt på å aldeles fyka av.


Parken gjekk på ein bakketopp med utsikt mot Oljeberget, Tempelhøgda og gamlebyen og med ein muslimsk landsby som me såg ned på. Det var politi og soldatar ved alle vegane mot landsbyen. Elles var eg stort sett aleine ute og vandra. Plutseleg skvatt eg til av skyting i nærleiken…..så var det bare FN-flaget som small i vinden. Det viste seg at FN hadde eit område midt i parken, omgitt av to digre gjerder.

Då Bjørn (d.y.) og eg var på by’n, traff me på eit norsk ektepar. Det er forresten dei einaste norske eg har sett utanom Bjørn sidan eg kom hit. Det viste seg at kona var søster til Kjell Arne Hebnes si kone. Bjørn hadde også felleskjente med ekteparet frå austlandet. Dei fortalte kor me ville finna bønegruppene som er sprett rundt om i byen og kor dei er i kontinuerleg bøn for Israel. Den eine plassen var ikkje langt frå promenadeturen min, så eg svinsa nedom. Det var ikkje skilta, men lett å finna fram etter deira beskriving. Akkurat då eg kom, var det stengt eit par timar på grunn av pianostemming.
kontrastane er store - i nærleiken av bøne-huset

bileta er tatt i kvar sin retning frå same ståstad


Nå er klokka halv 5, så eg satse på å ta oppatt maleprosjektet snart.
Eg tok meg ein rydderunde i lobbyen før eg skulle i seng. Der sat ei feststemt gruppe med sine søte kaker og koste seg. Plutseleg var det ein herremann som stoppa meg. Han måtte berre skrøyta over den aldeles fantastiske frukosten eg hadde laga!! Den blei god!! Eg måtte ærleg innrømma at det ikkje var mi ære, men at eg var einig i at betre frukost finst ikkje!!

Sundag 23.11.14
I dag var eg ute av huset 7.30 for å gå i den Armenske kyrkja. Eg har i mange år hatt lyst på ein tur


etter kvar forsto eg at eg var i
eit munke-kloster

kanskje eg bør lesa skiltet før eg
går inn neste gong?

når eg først var der, måtte eg jo sjå meg
 litt rundt

dit sidan me har vener som går der, men det er jo så uhyggeleg tidleg. Eg var framme presis klokka 8 der eg trudde det var, men så viste det seg å vera i ei anna kyrkje. Det var ikkje langt borte, men den 
klostergården. Munkane var heldigvis i kyrkja
var så bortgøymt at eg for og svinsa inn i mange store bygningar som kunne minna om ei kyrkje. Etter kvar forsto eg at eg måtte ha kome inn i eit slags kloster. Det vart jo ei spanande oppdagingsferd i den armenske delen av gamlebyen der eg aldri ville kome på å gå av meg sjølv!! Det var nokre snøttsmå dører som førte inn til opne gårdstun. Innafor den første døra var det fullt av sandsekker som såg ut til å liggja klar til å stengja døra med. 

Omsider høyrte eg song som førte meg til kyrkja. Armenarane er kjent for den kraftege stemmen og fine songen. Den armenske kyrkja er ei av dei eldste kyrkjene. Eg sette meg i ”våpenhuset”. Det var ikkje lov å fotografera her. Plutseleg kom det ein av munkane bort til meg og sa noko eg ikkje skjøna. Han peika på føtene mine og etter ei stund forsto eg det: Eg kunne ikkje sitja med føtene i kryss!!! Resten av ”gudstenesta sat eg bare og passa på at eg ikkje gjorde det…Rare greier. Det må eg spør mine armenske vener om. Gudstenesten varer i 3 timar og folk kjem og går heile tida. 

er det her mon tru?


nei,det var visst neste
 Mens eg var der, var det bare samanhengande song, utan opphald, i utallige variantar. Av og til var det som om nokon svarte frå eit anna rom. Unge ”munkar” blei vifta hit og dit av dei eldre prestane. Dei hadde forskjellige drakter. Dei eldste sat med svarte ku-klux-klan-hetter. Det blei sett fram og tatt ned igjen forskjellige ”taler-stoler” etter kvart som dei eldste skulle fram og syngja. Dei kysste eit eller anna og ein gjekk rundt og dingla med røykelse. Han kom også inn til meg med det. Mens dette pågjekk, gjekk ein annan og gjorde klar nattverd ved eit alter der ute som eg sat. I sannhet ei annerledes 
gudsteneste.
sandsekker til å forskanse
 døra

Nå kom eg på ein anna funny episode som skjedde for ei veke sidan. Connie og eg gjekk inn i Hurva-synagogen og sette oss på dame-tribunen. Plutseleg kom det ei gamal dame bort til meg og kikka meg opp i trynet: er du mann eller dame, spurte ho. Ho trudde nok eg var ein mann som hadde totla meg inn på dame-området. Alt me skal oppleva!!!

Har malt i heile dag. Hadde jo Shabbat i går. Fekk unnagjort 2 strøk på alle dører som var klarert. Gleda var stor då eg kunne meddela at ein av lesarane av dagboka har donert pengar til diverse som trengs til renoveringsprosjektet. Eg håpa på å få kjøpa ein betre maling. Den eg har er veldig simpel (sikkert den billegaste), og eg føreslo eit lag med blank maling til slutt, men det trur eg ikkje han ville gå med på. Føler helst det er ”brannslokking” eg held på med. Yuval meiner eg ikkje må vera så perfeksjonistisk og han har nok rett i det, til ei viss grad. Men dørkarmane tek eg uansett kva han seier.  Dørene er fæle i utgangspunketet. Dei blir betre, men burde nok vore skifta heilt.  

Gerald og kona har bedt meg til dei for å møta leiaren for organisasjonen Zichron, som tek seg av familiar der barn har kreft. Eg føler eg vil brenna aldeles ut viss eg skal dela meg på fleire ”prosjekt” akkurat nå, så eg takka nei. Syns eg må få unna så mykje som mulig denne siste, effektive veka. Det er vondt å sjå på Yuval som er mest blind. Han kava fælt då han skulle få dørene på hengslene att, og så vil han helst klara seg sjølv. Han er litt stressa for tida. Har fleire prosjekt på gong og eit par til som han må vera håndtlangar for, ein som er med og set opp plater og lys bak dei sengene som manglar og så er det ein malar som har fått beskjed om å gå over alle rom og flekka der det trengs…..eg ser han har vore her førrrrr. 


og så dei fille vindunå i dodørene

Malaren var einig i at me burde tatt eit og eit rom og fått det skikkeleg, og ikkje drive på slik me gjer nå. Eg spring frå rom til rom, etasje etter etasje. Gløymer bort kvar eg har gjort av ditt og datt når eg forflyttar meg, så får eg meg ein trimrunde gjennom etasjane gratis med på kjøpet. Eg jobbar frå tidleg til seint, langt etter at dei andre har gått, men nå har eg funne mitt system. Eg held meg i det minste på ein etasje om gongen….. Ein ting eg har klart halda hemmeleg: Noko av det siste eg sa til Alv før eg drog: ”Nå skal det bli godt å koma seg til Israel, for eg er møkklei av å mala dører!!!” Har nemlig malt mest alle dørene i huset heime i sommar! Men heldigvis er det kjekkare å mala for andre, slik det plar vera. Og godt eg hadde laga ei grei speleliste på pc-en, så den dreg eg med meg. Vaskejentene var også begeistra for litt musikk, så dei dansa rundt meg mykje av tida. – og så ringer Alv på skypen innimellom. Det er jo fantastisk å kunna sitja her og ta ein prat me dykk heima!


Måndag 24.11.14
Trur Alv begynner å lengta etter både meg og Israel. Han har vore på skape fleire gonger i dag. ”Jentene” blei ”vist” rundt i huset der heime og har snakka om det heile dagen, utsikta og det flotte kjøkenet mitt.
I dag sette eg på den arabiske musikken, aldeles nydeleg kristen song. Fekk tips av Elisabeth som me var saman med i Ashalim i fjor. Denne musikken har eg høyrt mykje på og også delt med fleire av dykk på google+. Du kan søkja den opp på youtube ”better life”. Jasmine (ho som er skamslått i ansiktet) kom inn og blei ståande i det uendelege å lytta. Eg sa eg ikkje forsto arabisk og spurte kva det handla om. Då sa ho det handla om Gud og ho var rørt til tårer. Det enda med at me slo armane rundt kvarandre og sto der og rugga etter musikken. Ei ubeskriveleg oppleving.

nam-nam, så godt

knafe -arabiske godsaker
Soreia spanderte
Då me hadde ete lunch i dag, fekk eg beskjed om å berre bli sitjande. Soreia hadde sprunge ut litt før. Ho kom tilbake med nokre aldeles vidunderlege, søte, ”araber-kaker”. Dei blei bakt i arabisk landsby i nærleiken og måtte etast varme. Eg fortalte eg hadde gått tur på Promenaden på shabbaten og sett så mange politi og militæret på vegane inn til landsbyen. Då viste det seg å vera den landsbyen der alle terroristane som har slått til i det siste kom ifrå….og eg som trudde me budde på ein fredeleg plass. Eg tok ein del bilete ned til landsbyen og såg fleire damer i svart burka, noko som ikkje er vanleg her. Uff, eg er glad eg ikkje vimsa meg ned dit. Gale nok at eg gjekk rundt i parken aleine i 3 timar!!


Tysdag 25.11.14
Fekk mail frå mitt søskenbarn i går kveld. Ho seier ho har vore i "det heilage landet på freds- og forsonings" tur i sommar. Ho brukar ikkje ordet Israel for eg antek at ho er pro- palestinar. Ho ynskjer nyheter frå dei og ikkje ”rapportane” mine. Eg kjenner eg får heilt vondt. Det ser ut til at folk vil tru på lygnene mot Israel og ikkje vil sjå kva som verkeleg skjer og den urett israelarane blir påført. Det var den siste på jord eg kunne tenka meg hadde slike haldningar og eg går og tenkjer på våre Zionistiske forfedre og alle velsigningane me har ”arva” frå dei. Eg er skikkeleg rysta over tilstanden i Noreg. I dag måtte eg lukka dørene etter kvart som eg flytta malerspannet til nye rom for tårene trilta mest heile dagen. Det er så trist, så trist og skræmande på same tid. Nå kuttar eg ut å lesa fleire ”samtalar” på nett. Blir berre vond av det.

I dag, som så ofte før , stakk det ein innom då me åt til lunch. Han snakka ikkje engelsk, så eg berre observerte kor dei tøysa og tulla med han. Han var nygift og kona var nettopp blitt gravid. Rekne med det var noko med det dei erte han for. Då eg skulle gå til maleverket mitt igjen, kom Line bort til meg. Ho måtte bare fortelja at denne flotte, unge guten var muslim. Han må me ta godt vare på, gjentok ho fleire gonger. Ho fortalte at han hadde vore i strøket der dei ultraortodokse bur då det var Purim og han var då blitt angrepen av dei. Heldigvis vart han berga av politi som var i nørleiken. Line fortelte dette for å sei at det finst ekstreme jødar også. Den unge mannen plar gå til hotella med drikkevarer, men sidan det mest ikkje er turistar, var han for tida utan jobb. Det rammer alle. Line og Yuval var på møte for private bedrifter i dag og dei hadde nå 50% nedgang. Dei meiner journalistane øser opp stemninga og skremer folk frå å koma. T.d. var det ein brann ein plass. Overskrifta blei då: Heile Jerusalem brenn! Dette var berre eit av mange eksempel. 
Dette er viktig for meg å slå fast:
Israel er ikkje imot arabarane/palestinarane eller sloss mot palestinarane!!! Mange palestinarar me møter ønsker vera ein del av Israel. Det er jo det einaste landet som er demokratisk her i Midtausten. Dei har fridom til å tru og meina kva dei vil, har arbeid, skular og sjukehus og eit samfunn som fungerer.
Israel sloss mot terroristar som finnest blant palestinarane!! I går blei det funne 18tusen brannbomber, 5200kommandoknivar og 1000sverd som skulle til aust-Jerusalem! Hamaz oppfordrar muslimane til å drepa mest mulig jødar, men dei terroriserer ikkje berre jødane. Dei drep også kristne. Nyleg blei han som dreiv bibel-butikken i Gaza drepen, og det er andre gong det skjer!! Og dei drep sine eigne. 200 hundre blei drept i Gaza fordi dei høyrte til Fatah nå under krigen (og dei blir rekna som drept av Israel) Når Israel gir beskjed om at dei kjem til å bomba der og der, nekter Hamaz familiane å flytta…. Er de klar over dette??? Som Golda Meiir sa: ”Me hatar ikkje dei som drep oss, men me hatar dei som tvingar oss å drepa andre!!!”
Kom ned og møt folk!! Jødane er ikkje monster slik dei blir framstilt!! Dei forsyner Gaza med 750 fullasta lastebilar kvar dag og tek seg av mange av dei som er såra både der og frå Syria. Heller ikkje er me monster fordi me støttar Israel, slik pressa i Norge vil ha det til.
I desse tider er eg sjeleglad eg har fått meg mange vener her, for som eg seier; Plutseleg kan situasjonen vera snudd opp ned: Peace in the Middle East og war at home. Nobody knows. Dette har eg sagt bare på tull, men i løpet av vekene mine her er det så mange som har sagt akkurat det same til meg, så might be, just G-d knows??

Onsdag 26.11.14:
I dag var det bare 2 av dei siste 7 romma som var ledige til å malast, så eg har hatt ein heller roleg dag. Bestemte meg for å laga kakemenn. Hadde formene med heime frå. Mens eg heldt på, kom ei av arbeidarane bort og spurte meg om noko, men eg forsto ikkje heilt….så viste det seg at eg hadde tatt salt i staden for sukker…den blei god for oss alle. Ei lukke eg gjorde det på dagtid så ho såg kva galskap eg heldt på med. Dei skrøytte over kakene, men eg har mistanke om at dei gjer det av høfligheit. Dei har nemlig ikkje ete så mange. Kakene ser normale ut, smaker ok, men smaker absolutt ikkje som heime. Kanskje det var smøret som var annleis? Elles var det ei utfordring å få det gjort - i mangel av det meste me har på våre kjøken så det blei mange improvisasjonar under vegs.Eg slår hermed fast at bakinga blei ingen suksess. (men legg til at under shabbats-feiringa var det nokon som leigde spisesalen til sitt shabbatsmåltid og då forsvann resten av kakene - og også mat som skulle vera til frukosten neste dag...)
Line-salat
persisk Yuval-ris


marokansk kyllinggryte 
Det regna noko aldeles forferdeleg då me skulle på middag til Line. Gerald og Sofie henta meg. Me kjørte ikkje så langt. Dei budde i eit leilighetskompleks med fleire liknande ”blokker” på rekke og rad. Det blei litt springing fram og tilbake før me fant fram. Då var eg allereie dassblaut i føtene. Samanlikna med norsk standard var leiligheita knøttlita. Kjøken og stove i eitt og med terrasse og utsikt over Dødehavet til Jordan. Line viste bilete av faren som hadde vore lege, men som hadde hatt eit rom ved sida av legekontoret der han lurte seg av og koste seg med treskjæring når han ikkje hadde pasientar. Ho hadde ein stor spegel som han hadde skore ut ramme til. Faren hadde også spelt fiolin og dei hadde mange musikarar i familie-treet, visstnok langt tilbake i tid. Barna til Line og Yuval er musikarar alle saman, også svigersonen. Ho fortalte at sonen som er venstrehendt hadde villa spela fiolin då han var liten, men måtte gje det opp. Nå hadde han begynt å spela på ”gamlemåten”, med fiolinen på kneet slik bestefaren hadde gjort, og det hadde aldeles tatt av. Me snakka om at musikk kan vera ein god brubyggar mellom arabarane og jødane og dei hadde eit stileg innspel på det. Dei sa at i gamle tider besto dei fleste orkester i den arabiske verda stort sett av jødar. Det blei også ei tid ulovleg å spela denne typisk arabiske musikken i desse landa, men i Israel har det aldri vore ulovleg, så her gjekk den ikkje i gløymeboka. Nå reiser jødar til arabiske land for å gjennoppfriska den arabiske musikk-kulturen. – Og dei blir veldig godt tatt imot!!
Mykje av praten rundt middagsbordet enda etter kvart på fransk sidan dei alle har fransk som morsmål (trur eg). Eg fekk difor nyta middagen til fulle. Trur det var marokkansk kyllinggryte og persisk ris. Oppskrifter dei hadde med frå sine respektive familiar + diverse salatar. Risen blei kokt /steikt med oppskorne poteter i botn og massevis av rosiner på toppen. Det var ubeskriveleg godt!! Salaten skulle etast til slutt. Hugsar ikkje om det var på israelsk eller fransk vis. Dei gjorde det visst omvendt i dei to landa. Stadig noko nytt å læra.
Eg klarte ikkje dy meg, men spurte om dei hadde lagt merke til den skamslåtte Jasmine? Det hadde dei, og det var nok ikkje første gongen. Line hadde spurt folk som hadde greie på det kva ho kunne gjera, men hadde fått til svar at ho ikkje kunne gjera noko….den muslimske kulturen tillet brødre å slå søstrene sine. Dei rekna med at det var ein bror som sto bak. Yuval slo fast at jenta har ein sterk personlegdom og vil nok klara seg… Eg får prøva roa meg med det, men skulle gjerne hatt ho med meg i kofferten heim…..

Torsdag 27.11.14

Ikkje noko spesielt i dag anna enn at ein svart katt hadde lurt seg inn på eit av romma der eg hadde sett vinduet på gløtt etter malinga. Den hadde klart å grisa noko forferdeleg…så lærte eg noko i dag og.
her kreler det med katter
Fredag 28.11.14

I dag blei eg ganske tidleg ”permittert” frå malinga. Det er Shabbat og det er meldt fint ver, så dei hadde håp om å få fulle hus. Difor minst mulig malings-lukt. Greitt for meg som har nok å fylla tida med….
Nå er eg spent på om bloggen blir lagra denne gongen. Hadde nemleg jobba i timesvis og gjort ferdig, trudde eg, men vips, så var den borte. Nå har eg latt perfeksjonisten ta ein pause, for eg vil ikkje bruka meir tid på dette i dag.

endeleg fekk eg helsa på Noam, sonen til Line og Yuval