mandag 1. desember 2014

01.12.14 Jerusalem




01.12.14
Du som dagane fyk... I natt ankom Bjørn (Anda) som eg jobbar i lag med på Embo. Han hadde heldigvis fått seg eit rom så han fekk nokre timars søvn før eventyret begynte. Programmet var som vanleg tettpakka:

Sprang rundt i gamlebyen heile dagen, alle dei vanlege plassene + litt til:
Vestmuren (trur me var her minst 4 gonger, vaktene lo til slutt av oss), Gamle Davidsbyen, Hiskiatunnelen, Tempelplassen, Via Dolorosa. Vestmurtunnelen, Davidsgrava, Nattverdsalen og Oljeberget. Bjørn fekk sin første falaffel før konsert om kvelden.

i nattverdsalen var det mykje tungetale og ved Vestmuren var jubelen vel så høg

der var det Bar-Mitzv fest
 Det er som regel Bar-mitzva-fest på måndagane. Festglade folk danser og syng og sjølvsagt blir me dradd med i festen. Tempelplassen flyt av smågodt som dei kastar over ungdomen. Barn er kjappe å plukka dei opp når prosesjonen går vidare. Ei fantastisk livsglede, og veldig kjekt å få vera med i songen og dansen!!
Hiskiatunnelen var faktisk open, trass alt regnet som kom sist veke. Det hadde kome 1/3 av det som var vanleg i løpet av eit år berre sist veke. (det merka ikkje eg noko til, for eg malte)
Tunnelen munnar ut i Siloadammen

det var roleg på Tempelhøgda i dag. Bjørn i sitt ess
også inni basarane var det roleg, Via dolorosa
 Bjørn hadde fått med seg eit lys frå ei av av dei etiopiske ungdomane på Embo som ho ville me skulle tenna i Den Etiopiske kyrkja. Før det gjekk me ein runde oppå taket av kyrkja der etioparane tydelegvis har laga sin vesle ”landsby”. Etter ei stund høyrte me innanfrå eit av husa: Now it is enaugh! Me var tydelegvis på forbudt område.



frå "Etiopia-landsbyen", "main-street"

knøttsmå residenser i "hovud-gata"


den nydelege dama i suvenirbutikken

Deretter stakk me innom suvenirbutikken, ei mini-sjappe på taket for å sjå om det var noko der me kunne kjøpa til jenta vår på Embo. Ho som sat der forsto lite engelsk, men då eg sa det einaste ordet eg kan på amharisk, gliste ho trill rundt!! – så fekk eg endeleg vita kva det var eg sa: ”Ishi” – det betyr altså – bezeder – ok – så veit me det!


nedgongen til den etiopiske kyrkja
døra til butikken, you know;eg og dører!!


han har de sett før, men han e jo bare så skjønn!!!!! Han vart så glad for lyset Makda hadde sendt med frå Norge




så til Vestmurtunnelen

dette biletet lurer, for det var tjukka fullt med folk, og ein stressa guid, så det blei ikkje det heilt store denne gongen. Kanskje me var for trøytte og svoltne?

Line spanderte konsert på oss alle 3!!! 


 Konserten var i Jerusalem Music Centre ein plass Alv og eg gjekk innom for nokre år sidan. Fekk beskjed om at det ikkje var ope for publikum, men då me gjekk igjen, kom han springande etter oss og spurte kvifor me ville inn her. Eg sa at eg hadde vore pianolærar og hadde i lang tid ynskt koma innom eit konservatorie. Kom her, sa han, og så geleida han oss inn bakveien til nettopp dette rommet me var i i dag. Der sette han fram to stolar til oss og me fekk ei uforgløymeleg oppleving medan ei lita gruppe øvde. Eg var i hundre over å sjå eit Steinway-flygel. Hadde nettopp sett ein dokumentar om korleis dei lagar desse flygela som blir rekna for å vera dei beste i verda. Og av alle ting, så gjekk eg med notene til Beethovens partitique-sonate i ryggsekken - det plar eg jo gjera.......
Kan du tenkja deg!! Frimodige meg spurte om å få spela, men eg var så nervøsen og oppspilt at det blei ei kort strofe - for eg flaug jo mest til himmels. Då me skulle gå, fekk me vita at det var det beste flygelet i Israel eg hadde spelt på!!!!! - Og det var mykje sannsynleg det same som blei brukt i dag!!
For ei oppleving! - og Bjørn heldt seg våken heile tida - men hadde registrert andre som sov.

inngongen til Jerusalem music centre er rett
under den gamle mølla
Beethoven og Hendel