lørdag 13. desember 2014

Nahal Oz 13.12.14

13.12.14
Shabbat

Me er kjempe- sosiale og føler me går frå hus til hus, et og et, knallgod Israel- mat heile tida.

Halv 10 reiste me til synagoge i ein kibbutz ikkje langt herfrå. Me var invitert å vera med på Chen sin Bar Mitzva i synagogen der. Familien ville ha denne synagogen sidan den var litt meir ”moderne”. Det vil seia at damene var ikkje skilde frå mennene slik det er vanleg.


vår stolte Bar-Mitzva - gut

ein hund til og frå....

Me var ca 20stk, nær familie og nokre frå bar- mitzva – gruppa. Me tenkte på konfirmasjon der heime og var redde me ikkje hadde fine nok klede, men det kunne me berre gløyma….dei er veldig avslappa når det gjeld både det eine og det andre. Eg legg sjeldan merke med kva folk går kledt i, men eg kunne ikkje la vera å leggja merke til farens gamle, forferdelege t-skjorte.

Plutseleg kom det svinsande ein hund inn. Han tok nokre rundar og helste på folk…Chen, ”konfirmanten”, sto der framme og geispa og gnei seg i augene for å halda seg våken…. Rabbien leste og bad saman med Chen til å begynna med. Deretter tok dei fram Toraen, bokrullen, som sto bak eit forheng. Nå skulle dagens tekst lesast. Det var forteljinga om Josef. Chen leia det heile og bad i tur og orden familiemedlemar koma fram og lesa. Til slutt var det hans tur, ispedd litt song – faktisk ein del som me også kunne. Det heile blei avslutta med at dei heldt eit bøne- klede over Chen medan han bar toraen og alle i salen kasta søtsaker på han. Godt me hadde daimen med oss!!

På turen tilbake blei det ein stopp ved utkikkspunkt mot Gaza by og me fekk sjå ein av plassane der ein av tunnelane frå Gaza hadde kome opp. Me blei fortalt at 5 israelske soldatar hadde blitt drepne rett utanfor vår kibbutz.
det er i dette området dei fleste terroristane bur


rett ved oss kom ein av tunnelane frå Gaza opp
full rulle

dette biletet blei tatt gjennom gjerdet i kibbutzen vår 
Gaza er sett 50 år tilbake i tid

her blei den vesle guten på 4 år drept av rakett frå Gaza mens barna var i Norge
( me ser ennå merker etter splintene i heile husveggen)

Mange som budde i Nahal Oz har ikkje klart å flytta tilbake etter krigen. Minnene er for traumatiske. Blant dei er også familien som mista den 4 år gamle guten sin. 
Hannuka- song av "koret" til Mally

Lunchen blei servert hjå Mally og middag hjå Illay. Me gasser oss i israelske godsaker så me sit her og stønner.


omvising i eit av dei mange kyllinghusa i kibbutzen

Boaz med ein av oppfinningane sine:
fjernkontroll for å låsa kjøkenskap (t.d. til barnehagar)

Illay var stolt over rommet sitt med eigenprodusert kunst på veggene

han hadde forfedre som var berømte kunstnerar


dette er berre litt av snadderet som bestemora hadde laga til oss

bestemor Pini, ei fantastisk dame!

og prinsesse-søstera som fekk litt lite merksemd
for me vaksne skravla så mykje


Dette var ein spanande, ressurssterk og veldig bereist familie. Mor til Illay og dei 2 eldste søstrene var i Amsterdam på julehandel og dei hadde fleire hus, så dei var nok blant dei meir velståande.

Bestefaren fortalte oss at familiane hadde kome hit for å feira saman med Bar-Mitzwa -gruppa i sommar før krigen braut ut. Ikkje alle inviterte hadde tatt sjansen på å koma. Dei hadde først vore i mindre grupper saman med sine respektive familiar og etterpå skulle dei møta i felleshuset for diverse opptrinn som barna hadde øvd inn. I løpet av tida hadde alarmen gått to gonger og dei hadde måtta sitja i bomberom mest heile dagen. Etterpå hadde leiaren for kibbutzen sagt at dei skulle få gjera noko kjekt sidan denne dagen hadde blitt så heilt annleis enn den skulle. Rett etterpå hadde dei fått invitasjon frå oss i Norge, så det hadde blitt eit stort "plaster på såret". Dei kunne ikkje takka nok for at ungane fekk denne turen! Me måtte berre seia som sant var, at det ikkje var vår ide og det meste blei betalt av familie og vener, og at me fekk igjen mykje meir enn me gav!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar