mandag 15. desember 2014

Nahal Oz 15.12.14

15.12.14

Eg blir mest tussete av ”å sitja til pynt” og hadde veldig behov for å bevega meg litt i dag. Difor drog eg Alv med ut av kibbutzen og håpa på ein lengre tur, men etter 30 minutt blei me plukka opp av security- sjefen, Benny, som kom med tilbod om å visa oss rundt i området, noko me ikkje kunne takka nei til.

securety-sjef Benny, vår private guide for ein dag....
350kyr skal matast
Kibbutz Nahal Oz er ein jordbruks-kibbuz med enorme jorder på utsida av sjølve kibbutzen, heilt inn til Gaza-grensa. Benny køyrte oss rundt i dette området. Dei har 400kalvar og 350 kyr og er blant dei beste i landet når det gjeld melk. Dei melker 3 gonger til dagen og enkelte kyr gir 75l mjølk pr dag! 


400 kalvar i forskjellige binger














Me fekk sjå digre drivhus kor dei dyrka tomater Dei hadde planta enorme område med poteter, kveite, diverse grønsaker og jojoba-tre m.m. 


nyplanta jojoba-tre rett utfor grenseposten som ikkje er i bruk lenger

Dei har ennå problem med vatn her i området. Han viste oss dei lilla kranane som var resirkulert vatn frå Tel-Aviv og som var veldig bra og innhaldsrikt for plantene. Dei har sitt eige vatn- resouvar også, men mykje av vatnet her har høgt salt-innhald. Jojoba- trea tåler dette og dei har difor nyleg planta enorme område av dette treet. Jojoba-olja blir nytta i kosmetikk. Det militæret hadde vore veldig imot at dei planta desse trea for det vil bli lettare for palestinarane å gøyma seg mellom trea enn når markene står opne.
me blir nøye overvaka

dei lilla røyra er reinsa kloakk og skal ikkje finnast inni kibbutzen
 

Grenseposten til Gaza ligg berre ca 700m frå oss. Her hadde det passert ca eit tusen lastebilar med forsyningar inn til Gaza før krigen, men så begynte Hamaz å bruka grenseposten til å skyta ut missilar og rakettar, så nå blir den ikkje brukt i det heile tatt. Dei sende mange rakettar i forkant av krigen og i løpet av krigen kom det ikkje mindre enn 230 rakettar berre til denne litle kibbutzen. Benny hadde vore i kibbutzen heile tida og hadde mest ikkje sove i løpet av dei 50 døgna krigen varte. Han viste oss ein plass der ein rakett hadde slått ned medan han sat i bilen, ikkje mange meter frå der han sat saman med sitt barnebarn. Han hadde også blitt intervjua av media frå heile verda, men var rysta over kor einsidig palestinavenleg dekninga av krigen blei. 
raketten slo ned på baksida av denne busken og flammane slo ut her, ikkje mange metrane frå der Benny og barnebarnet var


Benny fortel også at han hadde mange vener frå Gaza i den tida dei jobba saman og presiserer at han pratar mykje med sine barnebarn om at dei fleste palestinarane er ikkje vonde menneske, men at dei som skyt rakettar er det. Han seier at det lever 1,8 millionar palestinarar i Gaza, men at det berre er ca 400- 500tusen som er terroristar. 

Straum-leidninga til Gaza går rett utfor der me bur og Benny fortel at den blei skoten ned fleire gonger og tre og buskar i nærleiken blei sett i fyr og flamme. Palestinarane ga israelarane skulda for straumbrotet og skaut til og med mot dei som skulle reparera skadene. Ein av desse vart drepen. 
 
plutseleg ser me nokon som skyt i nærleiken
Mens me er ute og køyrer, høyrer me plutseleg skyting rett i nærleiken. – det er sikkert øving, seier Benny og ber meg vera rask med kameraet for eg har ikkje lov å ta bilete. Rett etter får han ein telefon – obs, det var visst ikkje øving, men ein palestinar som var observert på vei over grensa. Han sette dermed opp farten bort frå der skytinga føregjekk. Han seier det skjer dagleg at palestinarar prøver koma over grensa, men at dei berre blir ”levert” rett tilbake. Eigentleg har dei lyst å koma i fengsel her, for då får dei mat 3 gonger til dagen og også utdanning. Han seier det er paradoksalt at det har førekome at palestinarar har fått utdanning i fengselet for så å dra rett til Gaza og bruka kompetansen mot Israel.

frå vakttårnet der 5 soldatar blei drepne
Han forklarer at det er laga ny vei på utsida av gjerdet i løpet av dei siste dagane og at yttergjerdet er nytt og har fått sensorar som fotograferer alt som kjem nær gjerdet. (hjelp, eg er blitt fotografert) 


dei slurva med rutinane den fatale dagen...
Vidare kjørte han oss til vakttårnet der dei 5 soldatane blei drepne då palestinarane klarte koma ut via den første tunnelen. (Det var i alt 6 tunnelar i dette området) Han sa at soldatane hadde gjort mange fatale feil som førte til at dei utsette seg for stor risiko og som enda med døden.






Benny gjetta på at det var ca 500 haukar som sirkla over søppel-berget
det hadde jobba mange folk frå Gaza i sulfa-gruvene og den tilhøyrande fabrikken som
engelskmennene åtte  i tida før 2. verdskrig

avfallet såg ut som eit digert fjell og med "rett" vind kunne det stanke noko forferdeleg
Vidare på vår kjøretur fekk me sjå ”søppel- berget” som hopa seg opp i Gaza og ruinar etter sulfa-gruve-landsbyen som engelskmennene hadde før 2.verdenskrig. Me såg også fleire minne- merke over plasser der folk var drepne av miner, missiler mm.


ein nydeleg gaselle gjekk og beita

Kveldsmat hjå Ofir, i nabohuset, i kveld. Han hadde ei søster på 17 og 3 mindre søsken. Mens me var der, drog mora i lag med to av gutane til terapi kor dei gjekk for å få hjelp til å koma over traumene etter krigen. Faren fortalte kor vanskeleg det hadde vore. Han måtte tilbake hit for å ta seg av dyra og kunne ikkje vera i lag med familien som var evakuert utfor Netanja. Eldstejenta fortalte at ho, som er ein lovande symjar, skulle delta i ein av sine viktigaste konkurransar medan som ho sa "heimen min sto i brann og eg kunne ikkje vera saman med familien min". Det hadde ikkje vore lett å halda fokus, men ho blei likevel best i sin klasse i landet. Ho trener nå 2x2 timar kvar dag og skal delta i landskonkurranse neste veke. Ein veldig mål-bevisst familie med andre ord!
kanskje Preikestolen blir det neste?
Faren i huset er også ein av dei som reiser land og strand i samband med jobben sin. Han lagar dataprogram som "tek seg av" tomatplante-frø "from the beginning to the end". Annankvar veke reiser han til Frankrike i jobb-samanheng, men er også mykje i Nederland.


ein flott og sterk familie






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar