tirsdag 16. desember 2014

Nahal Oz 16.12.14

16.12.14

Alv fekk seg ei omvising i kylling- produksjonen på morgonkvisten. 


Han var ikkje så imponert over tilstanden i kyllinghusa og forsto godt at dei ikkje tente så mykje på kyllingane. Systemet er også heilt annleis enn me er van med. Dei kjøper ikkje kyllingane slik me gjer, men røkter dei for andre (private) og får heller lite igjen for arbeidet. 




I dag blei det tid til ein lengre tur i området utfor kibbutzen.
desse kyllinghusa som me gjekk forbi på turen, såg nyare og betre ut

eg klarte ikkje dy meg, men måtte smaka...
denne tanksen må det vera lenge sidan dei brukte

desse spora er frå ein skule-buss som blei treft av ein missil frå Gaza
det resulterte i at dei bygde ein ny veg der ein kan kjøra til og frå Nahal Oz i skjul av trea

det er heile tida aktivitet rundt oss
 
barna hadde laga hanukka - plakatar som dei skulle pynta med ved porten

ein siste farvel....

og solnedgong



Kanskje kjem det litt etter avskjedsfesten i kveld??
Det blei fest med full rulle og stormande jubel. Ungane hadde laga tale og kom med presangar.
Nydeleg pizza og Tehilla-smultringer (som er tradisjonell hanukka-mat) blei servert.
Ungane blei i hundre då me viste "Finnøy-filmen" og me fekk mange varme klemmar og helsingar før me forlot dei. - men me er snart tilbake.....
her kan du lesa om Hanukka-feiringa til jødane
Første lyset skulle tennast i dag. Ikkje alle er født songarar!!:


Ofir og Chen heldt tale til oss

 me fekk nydelege skåler med oppskrift på hromos
og ein rett med  eggplanter

ungane blei i hundre då me mimra - I want back to Norway - blei gjentatt mange gonger


frå våre skjønnasssssser...........





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar