tirsdag 2. desember 2014

02.12.14 Jerusalem

Tysdag 02.12.14:


02.12.14

Eg lo godt for meg sjølv i går kveld då eg fant fram ”programmet” eg hadde laga for Bjørn før eg reiste heimefrå. Stakkar, for ein flyingstart…..planen var jo at han skulle få ein sløv dag første dagen etter lang reis og lite søvn…..Men det hadde eg altså aldeles gløymt, så plutseleg sto eg der i dag…..utan ”program”!! Eg viste han jo alt i går!!!! Men det var i grunnen veldig greit. 
ingen skal sei at me ikkje jobbar for maten....
skal det gjerast, så skal det gjerast ordentleg...
med heiagjeng i vinduet over oss

Då blei han sjølvsagt sett rett i arbeid. Bakgården skulle reinsast for visne greiner, barnåler drit og graps og det gjorde han så til dei grader. Eg prøvde forgjeves seia at han ikkje måtte vera så nøye, men eg ser ut til å ha møtt min overmann når det gjeld å vera perfeksjonist. Line og Yuval er aldeles over seg av begeistring!!
Då jobben var unnagjort og me skulle ta oss litt mat før me strauk av gårde, blei me sitjande og prata med eit nydeleg professor-ektepar som har budd her mesteparten av tida mens eg har vore her. Me har hatt veldig mykje lått og løye saman, men også mange alvorlege samtaler og Bjørn og ekteparet fant tonen med ein gong. 

for eit fantastisk par, full av livsvisdom, livsglede og humor!!! Takk at me fekk bli meir kjent med dykk!!!
Det er fantastisk å få slike ”møte”. –og det blei det mange av i dag. Yuval og Bjørn fekk ein lang prat om drifta og framtida av hotellet mens Line kom med sine bekymringar til meg. Me har også kome meir i kontakt med ein flott familie frå Tsjekkia, ein far og 3 vaksne barn som tok ein tur til Eilat då det regna så fælt, men som kom tilbake nå når godveret melde sin ankomst igjen. Bjørn var ennå litt ”høg” etter turen vår i Gordons Golgata i dag, og det smitta nok over på våre vener frå Tsjekkia for dei bestemte seg ganske raskt for å ta turen dit i morgon.

turen mot byn la me om Promenaden i dag


Me har altså nydeleg sommar-ver. Passe fin temperatur! J

me blir nøye overvaka







ved "toleranse-monumentet"
turen til gravhagen er alltid ei sterk oppleving

"hodeskallestedet" i bakgrunnen


hagen blir bare finare og finare


her måtte me ta oss god tid....


"he is risen, he is not here"



deretter sende eg Bjørn ned i steinbrotet til Salomo. Kong Sidkia gøymte seg også her under beleiringa av Babylon

du kan få kjøpt alt det du måtte ynskje i gamlebyen

i dag var det "knafe" som blei smaksopplevinga