søndag 14. desember 2014

Nahal Oz 14.12.14

14.12.14

ein siste finish
Me”nøys” oss gjennom prosjekt gjenbruk, lukkelege over å bli ferdige i dag! Ein eller annan hadde nok meint me var fæle som stengte katten ute, for dei hadde sett opp vindauga slik at han skulle ha fri tilgong til ”sovesalen”. Me kasta mykje klede på grunn av den katten…. Det ser ikkje ut som bua er så veldig ofte i bruk.



skal det vera eit par army.....

ver så god og forsyn deg....


I dag har regnet plaska ned. Det begynte i går kveld. Leilegheita vår ber preg av krigen i form av ein diger sprekk ved døra til bomberommet. Plutseleg begynte det å pipla inn vatn. Elles er det mykje trafikk i luftrommet og også tanks som durar utfor mest heile tida.











Me vart invitert som besteforeldre på Hanukka-festen i barnehagen. Prøver om eg får inn nokre små-filmar frå festen:

"nissen" kom også på besøk



I kveld var det mor til Chen som sto for middagen. Mormora var også med oss. Mora fortalte at ho var født og oppvaksen i Gaza og at mange frå Gaza hadde jobba i kibbutzen tidlegare. Ho hadde opplevd 3 krigar og var fortvila over situasjonen og framtida til sonen.
Chen og bestemora som er kunstnar og som me fekk ei flott kjeramikk- skål frå då borna var hjå oss

mor til Chen sa me aldri ville kunna forstå kva det betydde for ho at Chen fekk reisa til Norge då krigen rasa som værst