onsdag 3. desember 2014

03.12.14 Betlehem


03.12.14

Me hadde ein heller sløv start på dagen….laaaang og god frukost, men var likevel i seget i halv 10-tida. Tok bussen til Betlehem. Trudde me måtte gå heilt til Damaskus gate for å ta den, men bussen gjekk rett nedanfor hotellet, så då veit me det til ein annan gong.
denne nydelege studenten forbarma seg over oss då me skulle ta bussen. Ho studerte til sosionom i Betlehem

Men denne bussen gjekk ein heilt annan veg enn me er van med og plutseleg var me inne i byen, utanom sjekk-punktet der me plar måtta gå av. Litt forvirra blei eg jo for eg hadde lita peiling på kvar me var og me fekk fort ein hale av taxi-sjåførar etter oss. Men Bjørn hadde løysing : La oss setja opp farten, så gidd dei ikkje meir….den var effektiv og halen oppløyste seg ganske raskt.
 
Martin ba oss helsa til Norodd og den veldig kjekke kona hans!!

gutten min, med sin nye jobb- doning

Mens me strente av gårde, med nasen i sky, akkurat kvitt taxi-maset, kjører ein motorsyklist inn og stoppar midt i vegen ved sida av oss. Gjennom hjelmen skimta eg nokre skøyaraktige auge, så var det jammen Martin. Han lo godt då han tok av seg hjelmen. Me lurte på om han hadde hatt spionar ute for å spora oss. –og jammen var det ikkje langt ifrå. Han hadde følgt oss ei stund, men var ute på ei varelevering, så han gjorde unna den først. Det var godt å høyra den trillande latteren hans igjen. Fleire av dykk har møtt Martin, men for dei av dykk som ikkje har høyrt om han, så er det min palestinske gut!(Han kaller meg mor) me har kjent kvarandre i nokre år nå. Han snakkar norsk, mora jobbar i butikken der me har vener og søstera hans er gift med sonen til innehavarane.

Martin kunne fortelja at han nå har funne ei nisje for å tena seg litt pengar. Målet er å få byggja ferdig huset slik at han kan gifta seg med si kjære Celina. Han har difor begynt som ærendsgut og bringer og hentar varer for t.d. apotek. Ei genial løysing han kom på då det var krig i sommar og det mest ikkje var turistar i Betlehem. Han er førebels aleine om denne businessen i Betlehem. Martin er født i Betlehem og han har difor ikkje høve å reisa utanom det Palestinske området meir enn 2 periodar i året, Jul og Påske. Men han kan ikkje kjøra med sin eigen bil som ikkje er Israel- registrert. Celina derimot, er født i Jerusalem, og ho studerer der og kan reisa så mykje ho vil fram og tilbake. Martin er veldig buzy og seier han jobbar svært mykje. Også i dag måtte han jobba, men me gjorde avtale om ein god middag på Eli’s restaurant når me var ferdig med vår runde. I dag var me bestemt på å bruka apostlenes hester meir enn nokon gong, men me gjorde avtale om at me kunne ringja han dersom me blei litt lost.

Aller først gjekk me til butikken vår, The Rock Company. Det var berre Tony og sonen me møtte i dag. Dei hadde engasjert mange nye ungdomar. Reknar med at det er Tony og Paulette sin måte å hjelpa dei unge på. Mor til Martin forsto eg var permittert grunna få turistar, så ho møtte me ikkje. Me fekk rusla rundt i fred og ro og ”handlekorga”  til Bjørn blei tyngre og tyngre. Han handla nok meir enn ei heil busslast med turistar ville ha gjort – men som vanleg var det eg som gjekk av med høgaste prisreduksjon!! Men begge var me nøgde, sjølv om Bjørn meiner at Tony bløffa då han sa han fekk ein ting gratis. (den kjøper eg ikkje før han har telt gjennom alt han har i posen sin)
vaktene blei oppmuntra av å høyra om nordmenn som gjer Sar-el

det var følelseslada å vera ved grava til Rakel

ingen nåde, farmor måtte på haiketur

Etter handelen var unnagjort, var det min tur å få eit ynskje oppfylt, nemlig Rakels grav. Eg har fleire gonger sagt til guidane i Betlehem at eg ville dit, men har aldri fått respons på det. Så sat eg heime og studerte kartet og såg at, hallo, grava er jo rett ved sida av butikken jo!! Men så fekk me vita av Martin at inngangen til grava var på utsida av muren. Det blei difor til at me gjekk ut gjennom labyrinten ved check- pointet og på utsida av muren der det var sperring på vegen og ein vaktpost til. Me fekk beskjed om å venta til det kom ein bil me kunne sitja på med for det var ikkje lov å gå langs vegen for bilane kjørte så fort og det var ikkje fortau. Det var nå bare tull, meinte nå me. Mens me venta, viste eg mitt volontør- bevis til vaktene. Som vanleg hadde dei ikkje høyrt om Sar-El, men då eg forklarte, vart dei over seg av glede og takk for at eg sa dette til dei. Dei trudde, som dei fleste her, at alle i Skandinavia hatar jødane.

Me fekk haika med eit ultra- ortodoks ektepar ned til grava. Det blei ei sterk oppleving å vera der. Noko eg har hatt ynskje om i mange år!! Amazing alt me får oppleva!!! I synagogen måtte me gå til våre respektive kvinne- og manns- sider og Bjørn blei tatt imot som ein ekte jøde og fekk seg bøne- bok og tillating til å filma til og med. Mennene var i god halleluja-stemning og eg rekne med han stemte med på sitt vis…..

Etterpå var det å haika tilbake, vandra gjennom check-pointet og inn i Betlehem igjen.

Legg til bildetekst

julestemning i Betlehem?


det var gudsteneste i kyrkja der Martin er døypt,
ved sida av fødselskyrkja

katolsk, men  ganske "luthersk" i utforminga

frå klostergården

gamlebyen var topp

eit tårevått møte i den syriske kyrkja

bak dette forhenget

var desse skjulte skattane

me skilde oss litt ut, kan du trygt sei...
Bjørn var ekstra populær

så plompa me oppi universitetet

hadde vore tøft om me traff jenta frå bussen
på universitetet....
































-og dermed begynte dagens skikkelege trim-tur – me hadde som sagt bestemt oss for ikkje å ta bil / taxi. Vår tidlegare guid stoppa då han såg oss og tilbaud oss skyss, men rista berre på hovudet av desse galningane som skulle gå heilt til fødselskyrkja. Men fram kom me og meir eventyr var me lystne på då me skulle returnera. Difor tok me ei anna rute tilbake, og det viste seg då at me kom inn i the old city med sine livlege myldrande gater. Plutseleg ser me den Greske maria -kyrkja i det ei vakt følgjer ei dame ut døra. Me tek kontakt og han opnar villeg dørene og t.o.m. ”det aller heilagste”.  Det blei veldig følelseslada sidan ei av jentene våre på jobb blei tatt hånd om av ei nonne i Syria før ho kom til oss. Me seier me er klar over lidingane dei syriske kristne gjennomgår for tida og at me ber spesielt for dei. Sanneleg blei dette eit spesielt møte!!
 
nokon kaffi-tørste her?

nei vel, då tek eg meg ein blund liksågodt

Me vandra langt og lenger enn langt i basarane, dei einast turistane som forvilla seg inn dit på lenge tenkjer eg. Bjørn var i handlehumør, og eg slengde meg på, men denne gongen var det ”den som ler sist som ler best” for då Bjørn skulle betala, prøvde ekspeditøren lura han, men Bjørn brukte same taktikk tilbake og det enda med at Bjørn lurte han trill rundt….sprøassssen – eg lure på om han kjem til å sova godt denne natta?? Han fekk jo 2 bukser til 18kr!!! Ikkje rart han godta seg!! Eg måtte jo betala heile 26kr for ei bukse!!!!!

Me hadde ikkje kart, men styrte etter vår indre radar. Der var me ganske samkjørte, men Bjørn nekta å tru det då eg sa at restauranten vår var rett over gata. Eli’s restaurant som me har tatt fleire av dykk med på. Så var det bare å ringja Martin slik at han fekk sin velfortente pause saman med oss. Me rakk akkurat siste buss heim igjen!

dagens forrett for 3 personer

dagens hovudrett - israel-mage-syndromet har begynt å gjera seg gjeldande



For ein dag!!!