fredag 19. desember 2014

Eilat

Eilat


For eit privilegium midt i desember: Å krypa oppi ein solestol i 25-30graders varme akkompagnert av Alv’s høgtlesing.
 
ein fredeleg oase kor me har vore mest aleine desse dagane

så flott frukost har aldri me opplevd i Israel før 


Etter kvart har i-paden overtatt og me blei liggjande med kvar vår høyrepropp for å få med oss diverse talar av Emanuel Minos, Morgan Kornmo og Arvid Bentsen, - med Israel og endetida som tema.

Eg har i sanning mykje å vera takksam for når eg tenkjer tilbake på vekene som er gått, på alle menneska eg har møtt og alle opplevingane eg har blitt velsigna med, på konkret leiing frå dag til dag. Eg er blitt spart for stress og ulukker og har heile tida følt meg omslutta på alle kantar! Har til og med sove godt og vore opplagt kvar enda dag!! Turen har vore ei reis på mange plan, slik mange av dykk kjenner til at det plar vera å reisa i Israel.  Det som har gått som ein raud tråd for meg denne gongen er at Jesus kjem snart igjen. Det er eg blitt meir og meir overbevist om, ikkje minst etter å ha fått prata med Lilly på Beit Skandinavia. Det er ei forventing om Messias sitt komme blant jødane og dei kristne og mange teikn i tida tydar på at Han kjem snart. Me ventar ikkje lenger på eit barn, men den levande og oppstadne Kristus.

Eg vil helsa dykk med dei 4 bibelversa som Emanuel tok utgangspunkt i i ein av talane som me har lytta til:

Amos 4.12:
יב  לָכֵן, כֹּה אֶעֱשֶׂה-לְּךָ יִשְׂרָאֵל:  עֵקֶב כִּי-זֹאת אֶעֱשֶׂה-לָּךְ, הִכּוֹן לִקְרַאת-אֱלֹהֶיךָ יִשְׂרָאֵל.
12 Therefore thus will I do unto thee, O Israel; because I will do this unto thee, prepare to meet thy God, O Israel.

Isaiah 55.6:
ו  דִּרְשׁוּ יְהוָה, בְּהִמָּצְאוֹ; קְרָאֻהוּ, בִּהְיוֹתוֹ קָרוֹב.
6 Seek ye the LORD while He may be found, call ye upon Him while He is near;

Hosea 10.12:
יב  זִרְעוּ לָכֶם לִצְדָקָה קִצְרוּ לְפִי-חֶסֶד, נִירוּ לָכֶם נִיר; וְעֵת, לִדְרוֹשׁ אֶת-יְהוָה, עַד-יָבוֹא, וְיֹרֶה צֶדֶק לָכֶם.
12 Sow to yourselves according to righteousness, reap according to mercy, break up your fallow ground; for it is time to seek the LORD, till He come and cause righteousness to rain upon you.

Mika 3.6:
6
Therefore night will come over you, without visions, and darkness, without divination. The sun will set for the prophets, and the day will go dark for them.
לכן הלילה יבוא עליכם , בלי חזיונות , וחושך , ללא ניחוש . השמש שנקבעה לנביאים ,והיום ילך כהה עבורם .



Shabbaten blei feira på "The shelter" - hippie-hostellet her i Eilat. 
Her er link til Shelter-hostellet Det ligg også ute film på Youtube.

Fantastisk å høyra den glødande talen til "far i huset". Det 4.lyset i hanuka-staken blei tent. Det er 8 lys i staken, og med eit 9.lys som skal brukast til å tenna dei andre med. Det symboliserer Jesus som tenner oss med sin Heilage Ande. 

 next time in the shelter??

ein kveld med mykje song, tale og god mat

I skrivande stund sit Kristian, Toril, Thomas, Randi Bergitte og Serina på flyet. Er klar å ta imot dei utpå morgonkvisten og er pent på når dei dukkar opp. Me gleder oss vanvittig til dei kjem!!