lørdag 6. desember 2014

06.12.14 Tiberias

06.12.14
 
vår alles gode Lilly med sin nye ven
Me sto opp før alle andre og kom oss av gårde slik at me sat på syklane i Tiberias allereie kvart over 10. Eg hadde gløymt å printa ut booking og hugsa ikkje namnet på hostellet der me skulle overnatta, men greidde via indre ”radar” å styra rett på. Då imponerte eg både meg sjølv og Bjørn!

Bjørn leda ann i dag.....
 Nydeleg sommarvarme og fantastisk flott syklever. Eg har aldri sykla med terrengsykkel og heller ikkje vore i terreng med sykkel….så det blei dagens utfordring. ”Hompa gjor d titt, men d tar ingen kånebag så stridt”.


for ein sti-finnar!!!

ikkje bare me som krabba rundt

bare for å visa kor grønt det er blitt etter regnskuren
 Me kom oss til både Jesusbåten, Tagba og Kapernaum før me vende tilbake til Tiberias for at Bjørn skulle få dukkerten sin.


ein etterlengta dukkert i Genesareth-sjøen
 Etterpå tok me bilen rundt den motsette vegen. Stoppa ved Yardenitt kor det var veldig mykje folk og unge og gamle som døypte seg.


Yardenit, Jordanelva



fiske-båt i Tiberias

Solnedgang frå Ein Gev er alltid eit syn



Dagen måtte avrundast i Ein Gev med Petersfisk og Falaffel.