torsdag 4. desember 2014

04.12.14 Mazada og Dødehavet

04.12.14

Me henta leigebil og drog til Mazada og Dødehavet. Sprekingen sprang opp og ned mens eg bare lata meg i sola. Temperaturen viste 27grader og kanskje noko kaldare i havet.

Mazada må berre opplevast!!!

Bjørn er einig!

Dødehavet var heilt topp det også

men her ser han litt meir tvilande ut.....


Bjørn er ikkje vanskeleg når eg kjem med nye forslag, så då eg føreslo at me skulle ta ein rundtur og ikkje same vegen tilbake, var han skjønt einig. Litt usikker på om eg var heilt ærleg, for dette er ein veg (nr 60 som går gjennom Hebron og Betlehem) og som eg aldri har fått Alv med på å køyra. Asbjørn og Anne Lise har køyrt der med leigebil, så kvifor ikkje, tenkte eg. Ved vegsperringa råda dei oss sterkt frå å køyra inn for det var så farleg – Bjørn var visst klar til å gjera det likevel, men då var det eg som sette på bremsen. Men slik er det altså, ikkje mange nordmenn veit det. Når me har israelsk leigebil, får me eit klarare bilete av kor store område Israel har gitt frå seg og som me ikkje kan køyra inn i. Der ville me vore ubeskytta og lett bytte. – men nå skal eg slutta å masa på Alv om å køyra den vegen i alle fall!


Nå er det meste pakka og klart for avreise til Haifa og Yokneam (heim til Yady) i morgon. Me er inviterte på Shabbatsfeiring heime hjå Yady, men kjem til å overnatta på Beit Skandinavia som planen var.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar