tirsdag 9. desember 2014

08.12.14 og 09.12.14

08.12.14
I skrivande stund sit eg på toget frå Haifa til Beer-Sheva. Alv har nettopp landa på Ben Gurion og sit på toget sitt. Nå er eg spent på om planlegginga mi resulterer i at han kjem på dette toget i Tel Aviv! Ikkje fritt for at eg kjenner sommarfuglane flaksa rundt der inne…..ein månad – og så mange opplevingar sidan sist!!

Men har fått mykje utav dagen trass oppbrudd. Me tok tidleg ut for å få levert bilen og det var ei lukke, for det blei akkurat så kronglete som eg hadde førestilt meg. Vegane går jo i krøll over kvarandre, så det er ikkje lett å få lagt seg i den rette høgda, men me greidde det presis 5 minutt før fristen gjekk ut, så slapp me den ekstra ”bota”. Me fekk parkeringsbot i Ein Bokek, første gong me parkerte bilen, så det fekk halde for denne gongen.

Sjølvsagt valde me ”apostlenes hester” på returen, 2 mil i følgje Bjørn. Me tok turen innom gamle ”german colony” og svinsa litt rundt på loppemarkedet. Og faktisk blei det ein liten handel også.

Etterpå blei det litt sol og eit bad i Middelhavet ( obs, ikkje for meg – sidan det bare var i underkant av 20 grader) Før pakking blei det tid til ein spring- marsj opp til Karmelfjellet og ned. Beit Skandinavia ligg vanvittig flott til, nokre få meter til strand- promenaden og også til fjellet. Anbefaler ein tur hit om du er i Israel ein gong. Lilly og Thorvald fekk ein visjon om å skape denne opne heimen for ungdomar i Israel og det står verkeleg respekt av kva dei har fått til i alle desse åra. Eg var innom for å seia farvel, men då sat ho og hadde ”førelesing” om endetida, og det var så interessant at eg blei berre sitjande. Plutseleg seier ho – nei nå må du fara skal du nå toget – og forresten – når kjem du og Alv ned for å vera vertsfolk? Du må lova å gje han 2 kjempe- klemmar frå meg!! Og så trygla ho om at me måtte ta ein tur opp slik at ho fekk møta Alv. Kanskje eg får lokka han på ein tog- tur i morgon?? Toget var jo kjempebillig. Eg reiser mest så langt det går, i meir enn 2t 30 minutt og betaler 62 chekel, ca 100kr.

Nå er me forbi stasjonen der eg rekna med at Alv kom på, så då går me over til plan 2: Me møtest i Beer Sheva. Han skreiv at mobilen var utlada så me har ikkje kontakt for øyeblikket – det ordne seg nok, men skulle gjerne hatt han her.

09.12.14

Den Alve- traven sat på toget…..og me blei gjenforent etter kvart. Hotellet i Beer Sheva var så fint som me trudde, men då me ville ut for å slikka sola i dag, fekk Alv beskjed om at det ikkje let seg gjera og begrunna det med at dei ikkje hadde ope bassenget om vinteren. Då trådte jo ”ho mor” til og bad om å få snakka med leiinga….Eg la jo ut om kor skuffa eg vart, at eg hadde voluntert både her og der og hadde behov for å slappa av eit par dagar før innsats i Kibbutzen Nahal Oz. Det gjorde susen, så dørene blei opna og det var ikkje måte på alt me kunne nytta i spa- et. Me hadde bare behov for sole- stolar og litt sol, og det fekk me.
5 timar på toget tur-retur Haifa for å få seg middag, kvifor ikkje?


Måtte jo finna på noko sprøtt, så nå er me på vei til Haifa på middag hjå Lilly (Beit Skandinavia), 2,5t kvar veg…..surprise, surprise!! Så får Alv og Bjørn møtast og i same slengen! 

Bjørn er alt blitt husvarm og sto for middagen og oppvasken

kjekt å få presentert "gutane" for kvarandre



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar